Kom syklande med viktig bodskap om paraidrett

I dag fekk Nord-Fron besøk av Hilde Håkenstad frå Innlandet idrettskrets, som er på sykkeltur gjennom Valdres, Gudbrandsdalen og Gausdal med kampanjen «Tråkk skaper trøkk for paraidretten».

«Tråkk skaper trøkk for paraidretten» er eit initiativ frå Innlandet idrettskrets for å skape merksemd og engasjement om paraidrett. Målet er å sikre at fleire med funksjonsutfordringar får moglegheit til å oppleve meistring, fellesskap og idrettsglede i sitt lokalmiljø. For å få til det, trengst både frivillige og offentlege aktørar – og eit godt samarbeid mellom dei.

Møte ved rådhuset
Klokka 12.30 rulla Hilde inn framfor rådhuset i Vinstra, der ho vart tatt imot av leiar for rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne, Torunn Kongsli, ordførar Anne Marie Olstad, tenesteleiar Marit Listad, Elisabeth Brenden Rudi frå tildelingskontoret, Gro Solberg frå helsestasjonen og kommunalsjef helse Per Morten Nyeng.

Med seg hadde Hilde den såkalla «paraflaska» – ei nymotens flaskepost fylt med informasjon om paraidrett og ein førebels invitasjon til konferansen Paraidrett: Mer enn Mulig, som skal haldast 20. mars 2026.

Takk for besøket
Nord-Fron kommune set pris på engasjementet og ser fram til vidare samarbeid for å sikre eit inkluderande idrettstilbod for alle innbyggjarar – uansett føresetnader.