Kort fortalt
- Samla investeringar i perioden: om lag 1,7 milliardar kroner brutto. Etter momskompensasjon, tilskot og sal av eigedom er det reelle finansieringsbehovet om lag 1,2 milliardar.
- Av dette blir om lag 1 milliard kroner lånefinansiert, og om lag 248 millionar blir overført frå drifta gjennom kraftinntekter.
- Dei tre største prosjekta: bygg for eldreomsorga (788 mill.), ny 1–10-skule (464 mill.) og arealutvikling og samlokalisering (150 mill.).
- Helse og omsorg blir trappa opp med 1,3 millionar kroner i 2027, aukande til 7,7 millionar i 2030.
- Barnetalet går ned: 42 færre barn i skulen og 57 færre i barnehagane sidan 2020.
- Administrative stillingar blir reduserte tilsvarande 2,5 millionar kroner i 2027 og 5 millionar frå 2028.
- Sparepengane (disposisjonsfondet) går frå 285 millionar kroner ved inngangen til 2027 til 202 millionar ved utgangen av 2030.
- Formannskapet behandlar forslaget 2. oktober. Kommunestyret gjer endeleg vedtak 29. oktober.
Kvifor må vi endre oss?
Nord-Fron har 5 493 innbyggjarar ved utgangen av 2025, 60 færre enn året før. I fjor vart det fødd 36 barn, medan 64 døydde.
Samtidig endrar samansetjinga seg. Frå 2020 til 2026 er talet på barn i skulen redusert med 42, medan talet på barn i barnehagane er redusert med 57. Talet på innbyggjarar over 80 år aukar frå rundt 400 i 2024 til nær 500 i 2028. I same periode går talet på innbyggjarar mellom 20 og 66 år ned frå 3 150 til om lag 3 000.
Det betyr to ting på ein gong: fleire vil trenge hjelp frå kommunen, og færre vil vere tilgjengelege til å gjere jobben. Difor handlar denne økonomiplanen mindre om å gjere meir av det same, og meir om å gjere ting annleis.
Kva kommunen skal byggje
Dei store investeringane heng saman med tenestene vi skal levere i framtida.
Bygg for eldreomsorga: Den overordna planen for helse 2024–2040 peikar mot meir hjelp heime og ein institusjonskapasitet som er tilpassa framtidige behov. Bygga skal støtte opp under den omlegginga.
Ny 1–10-skule: Prosessen startar i 2027, og sjølve investeringa er planlagd frå 2028, slik det låg i planen frå før.
Arealutvikling og samlokalisering: Kommunen har i dag tenester spreidde på mange bygg. Fleire av dei har høge driftskostnader, store vedlikehaldsbehov og varierande standard når det gjeld universell utforming og energibruk. I 2027 blir det laga eit heilskapleg grunnlag for kvar tenestene skal liggje i framtida.
Tala i planforslaget er anslag, ikkje vedtekne rammer. Kva prosjekta faktisk kjem til å koste, er først klart etter prosjekteringa. Kommunen skal arbeide for å få kostnadsanslaga ned gjennom nøkterne og gode prosjekt, og andre finansieringskjelder skal vurderast undervegs. Det kan til dømes vere samarbeid med private.
Alternativet er ikkje å la vere å investere
Det er lett å tenkje at valet står mellom å investere og å spare pengar. Slik er det ikkje.
Dersom kommunen held fram med dagens struktur, forsvinn ikkje investeringsbehovet. Då må vi i staden bruke store summar på å halde ved like og oppgradere dei bygga vi har, for å tilfredsstille krava til bygg. Desse investeringane kjem på toppen, ikkje i staden for.
Dagens struktur gjer det dessutan utfordrande å rekruttere kompetanse inn i små fagmiljø. Det er ei problemstilling som vil bli tydelegare etter kvart som det blir færre folk i yrkesaktiv alder.
Skilnaden er kva vi får igjen. Held vi på dagens struktur, blir driftsnivået verande uendra, kapitalkostnadene aukar likevel, og vi får ikkje høve til å flytte pengar og folk dit behovet veks mest, nemleg til pleie og omsorg. Vel vi nye bygg og ny struktur, investerer vi i noko som også gjer drifta enklare på lang sikt.
Difor er ikkje spørsmålet berre kor mykje kommunen investerer, men kva vi investerer i.
Helse og omsorg: opptrapping som startar med førebygging
Kommunedirektøren føreslår å trappe opp bemanninga i helse og omsorg gradvis gjennom heile perioden. Opptrappinga startar i 2027 med 1,32 millionar kroner og aukar til 7,69 millionar kroner i 2030. I tillegg ligg det inne 2,2 millionar kroner årleg knytt til ressurskrevjande tenester.
Rekkjefølgja er ikkje tilfeldig. Førebygging og aktivitet blir prioritert først, deretter heimetenesta. Tanken er at innsats tidleg gjer at folk klarer seg lenger heime, og at behovet for dei mest ressurskrevjande tenestene kjem seinare.
Oppvekst: ny skule, og ei utgreiing som gjeld Skåbu
Prosessen med ny 1–10-skule startar i 2027. Ved overgang til ny skulestruktur i 2031 er det rekna med færre stillingar innan leiing, undervisning, merkantile oppgåver, reinhald og vaktmeistertenester, med økonomisk verknad frå 2032.
For Skåbu oppvekst viser prognosane færre enn åtte elevar ved skulestart i 2031/32. Kommunedirektøren føreslår difor at Skåbu blir med i prosessen med ny skule frå 2027, og at det parallelt blir utgreidd om Skåbu skule skal inngå i den nye skulen på Vinstra frå skuleåret 2031/32.
Utgreiinga skal mellom anna vurdere det pedagogiske tilbodet, barnets beste og dei økonomiske konsekvensane. Skåbu skal vere med i prosessen på same måte som dei andre skulane som er omfatta. Ingenting er avgjort no.
I tillegg skal framtidig barnehagestruktur utgreiast i lys av barnetal og talet på plassar. Skule- og barnehagestruktur er blant dei sentrale endringane i planperioden.
Slik skal det betalast
Det samla investeringsbeløpet på 1,7 milliardar kroner er ikkje det same som det kommunen må skaffe av nye pengar.
Ein god del kjem tilbake gjennom momskompensasjon, tilskot frå andre og sal av eigedom. Når dette er trekt frå, er det reelle investeringsbehovet om lag 1,4 milliardar kroner. Av dette er om lag 1 milliard kroner planlagt lånefinansiert, medan om lag 248 millionar kroner blir overført frå drifta gjennom kraftinntekter.
Kraftinntektene er ein viktig del av eigenkapitalen. Kommunedirektøren føreslår å vidareføre målsetjinga om at heile utbyttet, konsesjonskraftinntekter over 10 millionar kroner og eigedomsskatt frå kraftverk over 15 millionar kroner skal setjast av eller brukast som eigenkapital. Det er lagt opp til å setje av 43 millionar kroner i 2027, 34,3 millionar i 2028 og 5,3 millionar i 2029. I 2030 er det ikkje rom for tilsvarande avsetjingar, då midlane blir nytta til å finansiere renter og avdrag.
Eigedomsskatten på bustad og fritidseigedom blir vidareført på dagens nivå, med 3,5 promille og eit botnfrådrag på 300 000 kroner. Endeleg vedtak om eigedomsskatt og gebyr blir gjort i samband med årsbudsjettet i desember.
Kva det kostar oss seinare
Store investeringar gir høgare gjeld, og høgare gjeld gir høgare renter og avdrag.
Lånegjelda er rekna til 684,6 millionar kroner i 2026, 800 millionar i 2027, 1 milliard kroner i 2028, 1,4 milliardar i 2029 og 1,5 milliardar i 2030. Ein del av denne gjelda er knytt til sjølvkost, startlån og utleigebustader, og blir betalt av gebyr, husleige og innbetalte avdrag på startlån. Held vi desse utanfor, aukar gjelda frå 58 prosent av driftsinntektene i 2026 til 146 prosent i 2030.
Dette pregar resultatet. Netto driftsresultat er budsjettert til 42,7 millionar kroner i 2027 og 34,1 millionar i 2028. I 2029 er resultatet negativt med 5 millionar kroner, og i 2030 negativt med 11,8 millionar.
Det siste året brukar kommunen difor av oppsparte midlar for å kome i balanse, fram til driftskostnadene er reduserte som følgje av investeringane. Dette blir kalla ein pukkeleffekt: kostnadene toppar seg medan vi byggjer, og fell etterpå. Dei større innsparingane i drifta kjem difor etter planperioden.
Disposisjonsfondet går frå 285 millionar kroner ved inngangen til 2027 til 202 millionar ved utgangen av 2030, det vil seie frå 35,5 til 27,2 prosent av driftsinntektene. Bufferen blir altså mindre, men han ligg framleis langt over måltalet på 10 prosent. Det er meint å gi tryggleik for drifta også etter planperioden, og det gir rom for å finansiere meir av investeringane med eigenkapital dersom prognosane blir betre når prosjekta er nærare avklarte.
Planen inneheld også endringar i drifta. Mellom anna ligg det inne ein reduksjon i administrative stillingar på 2,5 millionar kroner i 2027 og 5 millionar kroner årleg frå 2028, og ein redusert ramme for barnehagane. Samtidig aukar utgiftene til straum og til bemanning i helse.
«Nord-Fron er ein kommune med rom for å gjere dei investeringane som no er nødvendige. Vi har bygd opp reservar over tid, og dei skal brukast til nettopp dette: å møte dei endringane i behov som kjem. Men rommet er ikkje uendeleg – vi må vere nøkterne. Difor må vi investere og omstille samtidig.»
— Elin Sofie Fjeldberg, kommunedirektør i Nord-Fron
Vegen vidare
- 2. oktober: formannskapet behandlar kommunedirektøren sitt forslag
- Deretter: saka går til utvala, og planen blir lagd ut til offentleg høyring
- 29. oktober: kommunestyret gjer endeleg vedtak
Sjå kommunedirektøren sitt forslag her!
Spørsmål og svar om økonomiplanen 2027–2030
God økonomi handlar ikkje berre om kor mykje pengar vi har på bok, men om korleis vi brukar dei til beste for innbyggjarane. Dei oppsparte midlane skal hjelpe oss med å møte framtidige behov. Det gjeld både å oppgradere kommunale bygg, slik at dei blir meir tenlege og rimelegare å drifte, og å tilpasse tenestene til endringar i befolkninga. Samstundes blir vi færre til å yte tenestene. Då kan vi ikkje spreie fagmiljø og ressursar på mange ulike bygg, men må samle dei slik at vi kan bruke både folk og lokale best mogleg. Vi må òg sikre at kommunen har økonomisk handlingsrom i åra som kjem.
Nei. Dette er kommunedirektøren sitt forslag, altså eit fagleg råd frå administrasjonen til politikarane. Formannskapet behandlar forslaget 2. oktober og gir si innstilling. Deretter behandlar utvala saka, og planen blir lagd ut til offentleg høyring. Kommunestyret gjer det endelege vedtaket, og kan endre både tal og tiltak undervegs. Det er kommunestyret sitt vedtak som gjeld.
Nei. 1,7 milliardar er det samla investeringsbeløpet. Ein del av dette kjem tilbake gjennom momskompensasjon, tilskot og sal av eigedom. Det reelle finansieringsbehovet er om lag 1,2 milliardar, og av det er om lag 1 milliard planlagt finansiert med lån. Resten kjem frå drifta og eigne fond med midlar frå kraftinntekter. I tillegg er beløpa anslag, ikkje endelege rammer. Kva prosjekta kostar, blir først klart etter prosjekteringa.
Det er føreslått ei utgreiing av om Skåbu skule skal inngå i den nye skulen på Vinstra frå skuleåret 2031/32. Bakgrunnen er at prognosane viser at det er færre enn åtte elevar ved skulestart det året. Skåbu blir med i prosessen med ny skule frå 2027, på same måte som dei andre skulane. Utgreiinga skal sjå på det pedagogiske tilbodet, barnets beste og økonomi. Det er ikkje gjort noko vedtak om å leggje ned skulen.
Pleie og omsorg vil få auke, medan alle dei andre områda vil få reduksjon. Innan administrasjon er det lagt inn ein reduksjon tilsvarande 2,5 millionar kroner i 2027 og 5 millionar kroner årleg frå 2028. Innan helse og omsorg går det motsett veg, med gradvis opptrapping. Ved overgang til ny skulestruktur i 2031 er det rekna med færre stillingar i skulen, med verknad frå 2032. Framtidig barnehagestruktur skal også vurderast. Samla handlar det om å flytte ressursar dit behovet veks.
Eigedomsskatten på bustad og fritidseigedom blir føreslått vidareført på dagens nivå, med 3,5 promille og botnfrådrag på 300 000 kroner. Satsar for eigedomsskatt og gebyr blir vedtekne av kommunestyret i desember, saman med årsbudsjettet.
Ja. Planen blir lagd ut til offentleg høyring, og alle kan gi innspel etter at formannskapet har behandla forslaget. Møta i formannskapet, utvala og kommunestyret er opne, og sakspapira ligg på nettsida vår.