Kulturfest 2026

Fredag 20. november kl. 19.30 inviterer Nord-Fron kommune til Kulturfest 2026 i Vinstrahallen – som vanleg  ei storslått feiring av kulturlivet i kommunen.

Kulturprisen 2026 til Siv Anita Furuheim

Eit høgdepunkt for kvelden er utdelinga av årets kulturpris, som i 2026 går til Siv Anita Furuheim.
Furuheim var med på å starte opp Vinstra drill i 2004. Sidan den gongen har ho brukt mykje av fritida si på å byggje opp og halde ved lag eit godt fritidstilbod for barn og unge i kommunen.
Fredag kveld skal ho heidrast.

Kveldens program byr på eit variert spekter av innslag frå lokale aktørar. Det blir innslag frå blant andre:
•    Norsk Et Lite Kor
•    Vinstra musikklag
•    Kvam musikkforening
•    Vinstra drill
•    Patrick Huse
•    Fron kulturskule
•    Elever frå musikklinja på Vinstra vidaregåande
•    Elever frå ”Sceneproduksjon” på Vinstra ungdomsskule
•    Adriana Borovyk og Volodomyr Porubailo 
•    Tori Virik

I tillegg blir det både løpeglede og andre overraskingar!

 


Servering og billettar

Det blir sal av kaffi og kringle i salen, så her er det moglegheit for å kose seg både med kultur og kaffikopp. Billettar kan du kjøpe på Servicetorget, på ebillett.no eller i døra.
Kr. 200,- pr. billett. Dei under 20 år går inn gratis.

Dørene åpnar klokka 19.00.

Velkomne til ein festkveld!