Kva skjedde i Nord-Fron under Egenberedskapsveka 2025?

Siste veka av oktober vart markert på ulikt vis i Nord-Fron kommune.  Også på skulane var egenberedskap på dagsorden! 

Alle skulane frå 4. - 10. klassetrinn har hatt prosjektarbeid og oppgåver knytt til egenberedskap; i 5. klasse på Sødorp skule var  det stort engasjement for tema torsdagen i beredskapsveka! Les meir om dette og sjå også kva andre markeringar som foregjekk denne veka.

Glimt frå skuleprosjekt på Sødorp skule

Teikneserie og oppgåvesett frå Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) vart nytta og dette inviterte til diskusjon, refleksjon og samtaler også i heimen.
Kontaktlærar Åse Guri Nilsplass organiserte gruppearbeid i klassen og alle fekk presentere sine  svar.  Elevane hadde dagen før fått med seg sjekkliste for egenberedskap heim og oppgåvene omhandla alt frå langvarig strømbrudd til det å hjelpe andre.

Her er tilbakemelding og sitat frå dei flinke og reflekterte elevane!

  • «Blikkboksmat»  altså hermetikk, ris, pasta, poteter, knekkebrød, potetgull, egg og frukt tåler å stå lenge i romtemperatur i tilfelle langvarig strømbrudd 
  • Vi må ikkje hente drikkevatn frå stilleståande vatn, best å hente frå rennande vatn. Men ikkje frå elv om vatnet er brunt og grumsete
  • Vi bør ha stormkjøkken og/eller propangass så vi kan varme opp mat utan støm. Vi bør og kunne lage bål ute både med og utan tennbrikkettar. Ttennbrikkettar kan vi forresten lage sjølv då vi har lært det på skulen
  • Det er viktig å ha varme klede klede og soveposar
  • Eg kan hjelpe mormor om ho treng hjelp ved ei krise
  • Eg kan hjelpe venner som treng hjelp
  • Vi kan ha øving heime innimellom – der vi øver på å ikkje ha strøm og vatn
  • Det er bra at vi må tenke gjennom korleis vi i ei krise kan klare oss sjølve ei veke, det ville blitt veldig ille om vi ikkje var forberedt!

 

Beredskapsutstilling på biblioteket

Utstillingsmonter med husholdningsartikler og type matvarer og en person som studerer denne - Klikk for stort bileteLitt av kvart på utstillingsmonter for egenberedskap i heimen Anne Grete Bakkene

 

På Nord-Fron bibliotek var det ei utstilling som viste utstyr og type matvarer som vi bør ha i ei egenberedskap i alle heimar. Her var sjekklister og brosjyrer som fleire bibliotekbesøkande tok med seg heim.

 

Stand på Sødorptunet

Ordførar og beredskapskoordinator hadde stand på Sødorptunet. 

Beredskapskoordinator og ordfører står med brosjyrer i hendene framfor utstillingsmonter på kjøpesenter - Klikk for stort bileteFrå v. beredskapskoordinator Hanne Hvattum og t.h. ordførar Anne-Marie Olstad Sødorptunet

Informasjon på heimeside og sosiale medier

Råd og tips vart publisert kvar dag under Beredskapsveka.

EKOM-bortfall, langvarig strømbrudd, korleis lagrar vi vatn m.m. er tema som har blitt belyst.

 

Oppsummert

Beredskapsveka er kvart år i slutten av oktober. Vi håpar å nå ut til så mange som mogeleg, men det er berre å ta kontakt med Nord-Fron kommune om de har spørsmål knytt til kommunalt beredskapsarbeid.