Levering av hageavfall i Kvam 2026

Etter at gjenvinningsstasjonen i Kvam formelt vart lagt ned i 2025, har det vore eit sterkt ønskje om å finne ei lokal løysing for levering av hageavfall i bygda. No er det klart at det blir innført ei prøveordning for mottak av hageavfall ved den tidlegare gjenvinningsstasjonen i Kvam.

Etablert som svar på behov

Prøveordninga kjem i stand etter dialog mellom Nord-Fron kommune og Midt-Gudbrandsdal renovasjon IKS (MGR), og er eit svar på dei mange tilbakemeldingane som har kome frå innbyggjarar i området.

Detaljar om opningstider og praktisk gjennomføring vil bli publiserte på kommunen si heimeside når oppstarten nærmar seg.

Ordninga skal evaluerast hausten 2026.