Nord-Fron kommune søkjer tomt eller eigedom til bustadutvikling på Vinstra
Nord-Fron kommune vil leggje til rette for fleire bustader på Vinstra. Vi søkjer difor tomter eller eigedomar på Vinstra vest, helst innan om lag 400 meter frå Vinstra Park.
Vi ønskjer dialog med grunneigarar og aktørar som har areal som kan eigne seg for leilegheiter. Målet er utvikling i samarbeid med private utbyggjarar.

Dette ser vi etter
- Sentrumsnær plassering (Vinstra vest, om lag 400 meter frå Vinstra Park)
- Tomtestorleik på om lag 3–5 mål
- Eigna for bustadformål
- Mogleg å kople til infrastruktur
- Eigedomen kan vere utbygd eller ikkje, dersom han har utviklingspotensial
Vidare prosess
Dette er ei uforpliktande kartlegging av moglege eigedomar. Eventuelt kjøp kan først skje etter politisk behandling og vedtak. Kommunen vurderer innspela og tek kontakt der det er aktuelt.
Ta kontakt
Send ei kort skildring av eigedomen til:
📧 post@nord-fron.kommune.no
Frist: 10.08.2026
Publisert 22.06.2026 10.14
Sist endra 22.06.2026 10.14