Erik Tøftestuen
Over 40 personar tok turen til opningsarrangementet, som baud på både vakker folkemusikk og tankevekkjande ord.
Ordførar Anne-Marie Olstad stod for opninga, og takka både kunstnarane Jenny Ueland og Robert Johansson, kunstkonsulent Eivind Slettemeås, og Martin Været frå Innlandet fylkeskommune for bidrag og innsats. Roger Slåstuen sette stemninga med folkemusikk gjennom heile programmet.
Kunstnarane fortalde om idéane bak Reiser og ruiner, og korleis verket spelar på samspelet mellom menneske, landskap og historie.
Prosjektet er ein del av Tankeplass i Innlandet – og er realisert i samarbeid med Innlandet fylkeskommune og Nord-Fron kommune, med støtte frå Sparebankstiftelsen.