Røyking og vaping er ikkje tillate på leikeplassar der allmennheita har tilgang.
Det same gjeld på utandørs idrettsområde som fotballbaner, friidrettsanlegg og liknande.
Forbodet gjeld også ved arrangement på slike område – til dømes konsertar eller treningar.
Ansvar og handheving
Det er den som er ansvarleg for området – til dømes kommunen, idrettslag eller annan driftsansvarleg – som skal sørgje for at reglane blir følgde, mellom anna gjennom tydeleg skilting og oppfølging ved brot.
Kommunen fører tilsyn med at forbodet etterlevast.
Hovudføremålet med det nye røykeforbodet er å gi trygge og helsefremjande oppvekstmiljø for barn og unge ved å redusere eksponering for skadleg passiv røyk, noko som er eit kjend folkehelseproblem.
Les meir om forbudet på Statsforvaltaren sine heimesider