Opning av Dagsturhytta Nord-Fron

Søndag 5. november vart Dagsturhytta Nord-Fron offisielt opna! Mange tok turen, i snø, for å få sjå hytta frå både ute og inne. 

Mange hadde tatt turen for å få med seg opninga av Dagsturhytta. Erik Tøftestuen

Det var ordførar Anne Marie Olstad som stod for den offisielle opninga, med hjelp av nokon av dei yngste som møtte opp. 

Omlag 40 personar hadde tatt turen til Dagsturhytta - og nokon tok den imponerande vegen opp Tvellhaugråket frå Toksefeltet, i djupsnø!

Hytta var fyra varm til opninga, og alle som møtte opp fekk Kvikk Lunsj, som seg hør og bør når ein er på tur. 

 

 

Om Dagsturhytta-prosjektet

Formålet med Dagsturhyttene er å etablere ei dagsturhytte som er lett tilgjengeleg og som stimulerer til auka bruk av nærfriluftslivet.

Dagsturhyttene skal vera eit lavterskeltilbod for alle, uavhengig av sosial, økonomisk og kulturell bakgrunn. Det er mål om ei dagsturhytte i kvar kommune innan 2025.

Prosjektet bygger på eit samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune, Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftelsen Hedmark, kommunene, frivillige organisasjonar og grunneigarar.