Pilotprosjekt
Avdelingsleder Ann Jorunn Plassen ved Nord-Fron helsestasjon fortel at det var i 2022 at dei vart invitert til å vere pilotkommune i eit samarbeidsprosjekt med Regionsenter for barn og unges psykiske helse Øst og Sør (RBUP) og Ressurssenter for menn (Reform).
Prosjektet - i perioden september 2022 til februar 2023 - skulle sjå på korleis å styrke far og medmor inn mot helsestasjon, for ein meir likestilt helsestasjon.
Psykisk helse i spedbarnsfasen
- Mange foreldre opplever spedbarnsfasen og graviditeten som ei krevjande tid med lite søvn, endringar i kropp og psyke, utfordringar i parforholdet og det er ikkje uvanleg at både fedre og mødre utviklar ein fødselsdepresjon. For fedre kan depresjonen gjerne oppstå både i svangerskapet, men også utover i spedbarnsfasen. Det er viktig å ta signal på depresjon på alvor seier Ann Jorunn.
Kva er det de samtalar med fedre/medmødre om?
- Vi tek utgangspunkt i far/medmor sine behov. Det er sjølvsagt om barnet, foreldrerolle, helse og mestring i tillegg til trivsel og støtte. I prosjektperioda ble fedre ( vi hadde ingen medmor prosjektperioden) i etterkant av samtala intervjuet av prosjektleder fra REFORM om å delta på eit etterfølgjande kort, anonymt telefonintervju om opplevinga og om helsesamtalen har vore nyttig.
Helsesjukepleiarane Berit Muriteigen og Ann Jorunn Plassen sentrale i gjennomføring av ein meir likestilt helsestasjon
Nord-Fron kommune
Kvifor sa de ja til å vere pilotkommune?
- Vi ønskjer – i tråd med helsestasjonsprogrammet – at foreldre opplever mestring i foreldrerolla. Det er viktig for oss å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn og fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn.
Det er også eit mål å forebygge, avverge og avdekke vold, overgrep og omsorgssvikt.
Prosjektet vart finansiert med prosjektmidlar frå stiftelsen DAM så det medførte heller ingen kostnader for oss å delta her.
Kva erfaringar har de gjort dykk i prosjektet?
- Vi opplever det som positivt å ha den individuelle samtalen med far og det har gjort oss meir bevisste på kontakten med far også i andre sammenhengar.
Fedre har sagt at det er bra å ha eit slikt samtaletilbud. Ein far har uttalt at det er fint å vite at helsestasjonen er ein stad der han kan snakke om tema.
No er prosjektperioden slutt – har de fortsatt samtaler med far og medmor?
- Vi har fortsatt med tilbud om fedre-/medmor samtale etter at prosjektperioden var over. Det er som alle tilbud på helsestasjon et frivillig tilbud, men vi har mange som takker ja til samtalen.
De har deltatt på m.a. nasjonal likestillingskonferanse i 2024 – er det stor interesse for prosjektet som er gjennomført her?
- Det har vore bra med interesse for prosjektet, i mars 2024 deltok vi på nasjonal likestillingskonferanse i Oslo, vi har også deltatt på Helsesykepleierkongressen i Trondheim i september 2024. Der kom det spørsmål frå helsestasjonar rundt om i Norge som ønska å prøve ut fedre-/medmor samtaler.
- Vi deltok også på rBUP i Oslo då dei i samarbeid med Reform starta opp samarbeid med flere helstasjonar i vidareføring av prosjektet frå deira side.
Innlegg om pilotprosjektet i Nord-Fron under nasjonal likestillingskonferanse 2024
Arrangør