Rammekonferansen 2026: Slik skal Nord-Fron møte framtida

Nord-Fron kommune står framfor store endringar dei neste åra. På rammekonferansen 8. juni la kommunedirektøren fram sitt faglege kunnskapsgrunnlag for politikarar, tillitsvalde og verneombod. Ho peikte på utfordringar kommunen må løyse – både i den komande fireårsperioden og i eit lengre 12-årsperspektiv. Dette er ikkje vedteken politikk, men kommunedirektøren sine vurderingar og tilrådingar inn i det vidare arbeidet med økonomiplan og budsjett.

Måndag 8. juni gjennomførte Nord-Fron kommune rammekonferansen for 2026. Deltakarane var utvida formannskap, hovudtillitsvalde og hovudverneombod.

Målet med konferansen var å gje dei folkevalde eit felles kunnskapsgrunnlag om utviklinga kommunen står i. Nord-Fron har framleis eit godt utgangspunkt, men demografi, rekruttering, arealbruk og behovet for investeringar vil krevje tydelege prioriteringar framover.F

– Det kjem til å stå på om vi har rett kompetanse og nok folk, seier kommunedirektør Elin Sofie Fjeldberg.

Ho understrekar at attraktivitet blir avgjerande. Nord-Fron må både vere ein god kommune å bu i, ein attraktiv arbeidsplass og ein kommune som bruker ressursane rett.

Kommunedirektøren peikte særleg på at kommunen må planleggje for framtida før utfordringane blir akutte.

– Om vi ventar til vi har akutte behov, er vi for seine, seier ho.

Må planleggje for nok folk og rett kompetanse

Ein raud tråd gjennom rammekonferansen var behovet for folk og kompetanse. Økonomi, bygg og struktur er viktige tema, men tilgang på kvalifiserte medarbeidarar blir ei av dei største utfordringane framover.

Kommunedirektøren var tydeleg på at kommunen må planleggje tenestene slik at kompetansen blir brukt best mogleg. Det handlar om gode fagmiljø, effektiv organisering og attraktive arbeidsplassar.

Samtidig blir samarbeid med innbyggjarar, frivillige og lokalsamfunn viktigare. Framtidas tenester må utviklast saman med dei som bur og lever i Nord-Fron.

Investeringar for framtida

Kommunedirektøren varsla at det kjem til å bli lagt fram ein langt meir offensiv investeringsplan enn tidlegare.

Bakgrunnen er at kommunen må bruke bygg og areal meir effektivt. I dag har kommunen mange kvadratmeter som skal driftast, vedlikehaldast og tilpassast framtidige behov.

Kommunedirektøren understrekar at investeringane ikkje berre handlar om behovet kommunen har i dag. Nye bygg og større investeringar må vurderast i eit langt perspektiv, gjerne 50–100 år fram i tid. Bygga kommunen planlegg no, skal vere tilpassa framtidas innbyggjarar, framtidas tenester og framtidas tilgang på arbeidskraft.

Rekrutteringsutfordringane merkast allereie. Kommunen kjem ikkje til å ha nok folk til å løyse oppgåvene på same måte som før. Difor må bygg, drift og tenester sjåast i samanheng.

I arbeidet med ny økonomiplan meiner kommunedirektøren at det blir viktig å sjå større på samlokalisering av tenester. Det handlar både om kva for tenester som bør samlokaliserast, kva bygg som kan brukast, kvar tenestene bør liggje, og om noko kan løysast i samarbeid med private aktørar.

Dette arbeidet er enno i ein tidleg fase. Tal for slike investeringar ligg difor ikkje føre no, men vurderingane vil vere ein del av det vidare arbeidet med økonomiplan, byggstruktur og framtidig organisering av tenestene.

Færre og meir komprimerte bygg, betre samlokalisering og meir effektiv bruk av areal kan gje betre fagmiljø, mindre tid brukt på transport og drift, og betre utnytting av kompetansen kommunen har.

Nye Sundheim-prosjektet vart trekt fram som eit døme på korleis bygg og drift kan sjåast i samanheng. Når bygget blir tilpassa drifta, kan tenestene organiserast meir effektivt.

Helse og omsorg må dreie tenestene

Også helse- og omsorgstenestene står framfor store endringar. Fleire eldre og færre yngre innbyggjarar påverkar både behovet for tenester og tilgangen på arbeidskraft.

Kommunedirektøren peiker på at kommunen må vri meir av innsatsen frå institusjonsbaserte tenester til førebygging, heimebasert omsorg, kvardagsrehabilitering og bruk av velferdsteknologi. Målet er at innbyggjarar skal kunne meistre kvardagen lengst mogleg, og at omfattande hjelpebehov kan utsetjast.

Eit viktig førebyggjande grep er auka fokus på aktivitet og gode møteplassar. Kommunedirektøren peiker på at passivitet og einsemd kan føre til større hjelpebehov over tid. Difor må kommunen leggje til rette for arenaer der innbyggjarar kan vere aktive, møte andre og oppleve fellesskap.

Dette heng også saman med korleis kommunen bruker bygga sine. Når kommunen vurderer framtidig byggstruktur og samlokalisering, må likeverd i bruk av bygg vere ein del av vurderinga. Bygg og møteplassar må vere tilgjengelege og brukbare for ulike grupper, slik at dei kan støtte opp under både førebygging, aktivitet og deltaking. Slik er det ikkje i dag - fleire bygg er ikkje fysisk tilrettelagt for folk med nedsett funksjonsevne av ulik grad. 

Dette handlar ikkje berre om økonomi, men også om folk. Når det blir færre i yrkesaktiv alder, må kommunen organisere tenestene slik at kompetansen blir brukt der behovet er størst.

Det blir også arbeidd med å sjå på interkommunalt samarbeid om rask psykisk helsehjelp, med Lillehammer som vertskommune. Dette kan bli eit tilbod for personar frå 16 år med milde til moderate psykiske utfordringar, og kan bidra til å avlaste både legetenesta og tenester innan rus og psykisk helse.

Færre barn gir behov for nye vurderingar

Innan oppvekst har barnetala gått ned, både i barnehage og skule. Utviklinga viser eit anna framtidsbilete enn då oppvekststrukturen sist vart vurdert i 2020.

I 2025 vart det fødd 36 barn i heile Nord-Fron. Dette talet seier noko viktig om kva slags utvikling kommunen må planleggje for i åra som kjem. Færre barn påverkar både barnehage, skule, kompetansebehov og bruk av bygg.

Presentasjonen frå sektor oppvekst viser at elevtalet i grunnskulen har gått ned over tid. I 2005 var det 752 elevar i grunnskulen i Nord-Fron. I 2025 var talet 565 elevar. Prognosane framover viser vidare nedgang.

Utviklinga ved barneskulane er ulik. Barhaug og Sødorp har ein jamn nedgang i elevtalet. Kvam held seg stabilt på om lag 70 elevar, medan Skåbu vil ha under 10 elevar att i 2031. Dette er tal kommunen kjenner godt, fordi barna som skal starte på skulen dei næraste åra allereie er fødde.

Også ungdomstrinnet vil få færre elevar. I presentasjonen frå oppvekst er elevtalet på ungdomstrinnet oppgjeve til 181 elevar i skuleåret 2025/26, medan prognosen viser 149 elevar i 2032/33 og under 100 elevar mot slutten av 2030-talet.

Dette gjer at kommunedirektøren meiner kommunen må sjå breiare på struktur i oppvekstsektoren. Det vil gjelde både barnehage og skule. Samtidig vart det peikt på at innsparing i barnehage ikkje automatisk kjem raskt, fordi sektoren har tydelege bemanningskrav.

Økonomi og investeringar

Sjølv om Nord-Fron kommune fekk eit godt økonomisk resultat for 2025, er det framleis nødvendig å omstille drifta. Det positive resultatet kjem ikkje åleine som følgje av eit berekraftig driftsnivå, men er i stor grad påverka av inntekter som kan variere frå år til år.

Kommunen må difor ned på eit driftsnivå som går i pluss også utan ekstraordinære kraftinntekter. Dei frie inntektene vil svinge, og kommunen kan ikkje basere seg på at slike inntekter alltid vil redde økonomien.

Samtidig står kommunen framfor store investeringsbehov, særleg knytt til bygg. Å la vere å byggje nytt betyr ikkje at ein slepp investeringar. Alternativet vil ofte vere å bruke store summar på eldre og meir utdaterte bygg, utan å få same standard, funksjonalitet eller låge driftskostnader som nye bygg kan gje.

Kommunedirektøren peiker på at investeringar må forståast som ein del av omstillinga. Målet er ikkje berre nye bygg, men bygg som gjer kommunen betre i stand til å levere gode tenester med dei folka og den kompetansen vi faktisk vil ha tilgjengeleg i framtida.

Vidare politisk behandling etter sommaren

Arbeidet med økonomiplanen held fram, og fleire av tema frå rammekonferansen vil kome tilbake til politisk behandling etter sommaren.

Det gjeld mellom anna vidare utgreiing av barnehage- og skulestruktur, samlokalisering og meir effektiv bruk av kommunale bygg, vurdering av investeringar og vidare arbeid med tenestene innan helse og omsorg.

Rammekonferansen markerte starten på ein viktig prosess. Kommunedirektøren har lagt fram sine vurderingar av utfordringsbiletet og kva kommunen må planleggje for. Dei politiske prioriteringane og vedtaka kjem seinare.

Nord-Fron kommune skal også i framtida levere gode tenester til innbyggjarane. For å få til det, må kommunen planleggje for endringane vi veit kjem – før behova blir akutte.