Siv Anita Furuheim får Kulturprisen 2026

Siv Anita Furuheim er tildelt Kulturprisen 2026 i Nord-Fron kommune. Eit samrøystes formannskap heidrar henne for mange års frivillig innsats for drillmiljøet i kommunen.

Beate Hovden, Dølen

Furuheim var med på å starte opp Vinstra drill i 2004. Sidan den gongen har ho brukt mykje av fritida si på å byggje opp og halde ved lag eit godt fritidstilbod for barn og unge i kommunen.

Eit miljø som skaper talent

Det lange engasjementet har gitt resultat. Drillmiljøet har fostra mange gode utøvarar, og fleire av dei deltek i dag i konkurransar på høgt nivå, mellom anna i korpsdrill.

Samrøystes i formannskapet

Formannskapet i Nord-Fron vedtok tildelinga samrøystes. Kulturprisen blir delt ut under den årlege Kulturfesten, fredag 20. november kl 19.30.