Skisseprosjektet er første steg i planlegginga av Nye Sundheim – eit omsorgsbygg som skal
møte behova i åra framover.
Nord-Fron kommune har engasjert Asplan Viak AS til å gjennomføre arbeidet. Selskapet har brei erfaring frå liknande prosjekt over heile landet, og skal no bistå kommunen i å utvikle løysingar for den nye institusjonen.

Nyleg var oppdragsleiar Line Fogdegaard Juul og arkitekt Thomas Schindler frå Asplan Viak
på heldagsbesøk i Nord-Fron. Dagen bestod av befaring på Sundheim saman med driftspersonell og assisterande kommunalsjef helse, møte med tenesteleiarar og oppstartsmøte med prosjektgruppa i kommunen.
Viktig startskot
Asplan Viak peikar på at dei ser fram til oppdraget med stort engasjement, og trekkjer fram både moglegheitene og utfordringane i prosjektet. Dei peikar mellom anna på lange avstandar mellom bygga og utfordringar med infrastrukturen, særleg for kjøkken og vaskeri.
Prosjektleiar for Nye Sundheim, Marthe Iversen, opplever at arbeidet har fått ein god start:
– Vi er framleis tidleg i prosessen, men vi er godt i gang. Besøket frå Asplan Viak var eit viktig startskot, og dei har allereie fått god innsikt i både bygga og behova våre, seier Iversen.
Skisseprosjektet skal etter planen vere ferdig i oktober 2026. I denne fasen vurderer vi ulike løysingar. Kommunen skal samarbeide tett med fagmiljø, tilsette og rådgivarar undervegs.
Sundheim i vinterdrakt
Om prosjektet Nye Sundheim
Nye Sundheim er eit av dei viktigaste prosjekta i kommunen. Målet er betre samarbeid, meir effektiv drift og gode tenester for innbyggjarane.
Prosjektet handlar om å utvikle eit moderne og framtidsretta omsorgstilbod i Nord-Fron, og omfattar mellom anna nye institusjonsplassar og omsorgsbustader, tilpassa behova fram mot 2040.
Les meir om prosjektet på nettsida til Nord-Fron kommune.