Statsborgarseremoni for nye Nord-Frøningar

Laurdag 8. november vart det arrangert høgtideleg statsborgarseremoni på Lillehammer. Statsforvaltaren i Innlandet ønska 123 nye norske innbyggjarar i Innlandet velkomne for å feire deira norske statsborgarskap. Blant deltakarane var og personar frå Nord-Fron kommune. 

Karianne Stordal/Statsforvalteren i Innlandet.

Arrangementet i Håkons Hall samla nye borgarar med familie og vener, ordførarar og representantar for staten. Seremonien inkluderte talar, musikk og utdeling av gavebok – i tillegg til at dei frammøtte avla truskapløfte til Noreg.
Hovudtalar var stortingsrepresentant Farahnaz Bahrami, som sjølv har reist til Noreg som flyktning og understreka kor viktig det er å delta aktivt i lokalsamfunnet.

Joanna Chloscinska – frå Polen til Nord-Fron

Karianne Stordal/Statsforvalteren i Innlandet.

Frå Nord - Fron var blant anna Joanna Chloscinska med for å markere overgangen til norsk statsborgarskap. Joanna kjem frå Polen og kom til Noreg i 2007 for å besøkje systera si. Ho bur i Nord-Fron og fekk dottera Ida her i 2011. På seremonien stilte ho i bunad for første gang, noko som var eit uttrykk for tilknyting til Norge og lokalsamfunnet. 

 

Mohammed Salah – tryggleik og framtid på Vinstra

Karianne Stordal/Statsforvalteren i Innlandet.

Ein annan deltakar med tilknyting til Nord-Fron er Mohammed Salah, som kom til Noreg frå Irak i 2015. Han feira sitt nye statsborgarskap saman med kona si og dei to barna deira. I dag er han godt integrert og jobbar som dagleg leiar på Burger King på Vinstra. Han er takksam for dei moglegheitene han har fått i Noreg, og spesielt for det gode helsesystemet og tryggleiken barna hans opplever her. Mohammed oppmodar andre nye landsmenn til å vere interesserte, tørre å stille spørsmål og ta initiativ. Det er slik ein blir godt integrert i det norske samfunnet, seier han.

Gratulerer og velkommen!

Gratulerer og velkommen! Vi gratulerer alle som norske borgarar - og ønskjer våre i Nord-Fron velkomne som gode nordfrøningar!