Sterkt rekneskapsresultat for Nord-Fron i 2025

Nord-Fron kommune leverer eit solid rekneskapsresultat for 2025. Alle økonomiske måltal blir nådd med god margin, og kommunen styrker både fond, likviditet og handlingsrom for framtidige investeringar.

Det førebelse rekneskapet for 2025 viser eit netto driftsresultat på 9,2 prosent før korrigeringar. Etter korrigeringar ligg resultatet på 6,7 prosent. Dette er godt over nivået som vanlegvis blir rekna som sunn kommuneøkonomi.

 

– Vi når alle måltala våre med god margin, samtidig som vi opprettheld god likviditet og styrker handlingsrommet for å gjennomføre nødvendige investeringar framover, seier økonomisjef i Nord-Fron kommune, Torild Skard Weikle.

Lågare gjeld og sterkare fond

Kommunen har òg redusert lånegjelda. Den samla gjelda er no på 617 millionar kroner, noko som tilsvarer 71,9 prosent av inntektene. Det er ein nedgang frå 73,8 prosent året før, og godt under måltalet på 85 prosent.

Når ein korrigerer for sjølvkostområda, er gjeldsgraden 55,3 prosent, også dette lågare enn i 2024 då nivået var 58,1 prosent.

Disposisjonsfondet har samtidig blitt ytterlegare styrkt. Fondet er no på 261 millionar kroner, som tilsvarer 30,4 prosent av brutto driftsinntekter. Måltalet i kommunen er 10 prosent.

Små avvik i sektorane

Samla sett har sektorane eit negativt avvik på om lag 2 millionar kroner. Med ei samla budsjettramme på over 570 millionar kroner tilsvarer dette berre rundt 0,4 prosent.

Det er særleg innan administrasjon og helse det har vore noko meirforbruk. Samtidig har helsesektoren gjennomført fleire tiltak for å redusere merforbruket i løpet av året.

– Når vi ser avviket opp mot den totale ramma, ligg dette innanfor det som må reknast som ein normal margin, seier Weikle.

Høgare inntekter

Hovudårsaka til det gode resultatet er høgare inntekter enn venta. Dette gjeld særleg skatt og rammetilskot, men også avkastning frå aksjefond og utviklinga i renter og avdrag har bidrege positivt.

Rekneskapet blir formelt behandla av kommunestyret i juni, etter at revisorberetning og uttale frå kontrollutvalet ligg føre.

 

 Regnskap 2025Regnskap 2024Måltall
Netto driftsresultat78 83236 820 
Netto driftsresultat i %*9,2 %4,3 %1,75 %
Korrigert driftsresultat56 35465 673 
Korrigert driftsresultat i %*6,7 %8,0 %1,00 %
Lånegjeld617 373631 431 
Lånegjeld i %*71,9 %73,8 %85,0 %
Lånegjeld eks. selvkost474 707497 224 
Lånegjeld eks.selvkost i %55,3 %58,1 %75,0 %
Disposisjonsfond261 048204 799 
Disposisjonsfond i %30,4 %23,9 %10,0 %
*i prosent av brutto driftsinntekter.