Storåa i Kvam - oppsummering etter informasjonsmøte 7. april

7. april var det ope informasjonsmøte om status og vidare arbeid i Storåa i Kvam. Det møtte omlag 50 personar og representantar frå NVE og entrepenør deltok med informasjon.

Folk som sit på stolar i ein gymsal med foredragshaldar og lerret framfor - Klikk for stort bileteMange frammøtte til ope informasjonsmøte Nord-Fron kommune

Her er oppsummering frå møtet i fleire punkt:

Framdriftsplan

Arbeidet omfattar strekninga frå Storåbrua til Kvernhølen. Prosjektet er planlagt ferdigstilt innan 1. november 2026.

Beredskap

NVE's entreprenør har beredskap med maskiner og stein på staden. Det blir følgd jamnleg med på vermeldingar. 

Støv

Berørte kommunale vegar blir feia ved behov av entreprenør.

VesleÅa

Ved innløpet til Vesleåa er det installert ei damluke. Denne inngår som ein del av flomsikringa av Kvam sentrum, truleg etablert i samband med sikringstiltak rundt 1938.

Kommunen har nøkkel til denne og følgjer opp styring av damluke.

Ansvarsforhold

Grunneigarar har ansvar for bekkeløp på eigen eiendom. Dette inneber at bekkeløpet skal haldast ope heile året, slik at vatn og is blir leda som forutsatt og ikkje medfører skade på naboeigedomar.

Kvernhølen

Tiltak  i Kvernhølen vil bli sett på av NVE og kommunen.
 

Ferie og aktivitet i anleggsperioden

Det er planlagt ferieavvikling i vekene 29, 30 og 31. I denne perioden vil det vere redusert aktivitet på anleggsområdet. Nødvendig beredskap vil likevel bli oppretthalde.

Befaring av andre område

Det vart påpeikt nokre punkt langs Storåa og Veikleåa som ligg utanfor prosjektet. Desse områda vart befart 13.09.23 (rett etter flaumen «Hans») . Kommunen og NVE gjennomførte den 15.april d.å. ny befaring på desse og det blir vurdert om det må gjennomførast tiltak her.