Tilskot til inkludering av barn og unge 2026

Nord-Fron kommune lyser ut statlege tilskotsmidlar frå Bufdir. Pengane skal gå til tiltak som hjelper barn og unge til å vere med i fellesskapet.

Du kan søkje om tilskot til prosjekt som gir barn og unge gode fritidstilbod, skaper inkluderande møteplassar eller bidreg til at fleire fullfører skule og utdanning. Målgruppa er barn og unge frå 0 til 24 år som står i fare for å falle utanfor.

Kven kan søkje?

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje. Privatpersonar og enkeltpersonføretak kan ikkje søkje.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 31. oktober 2025 kl. 13.00.

Kor mykje kan du søkje om?

I 2026 blir det delt ut nesten 294 millionar kroner nasjonalt. Bufdir prioriterer nye prosjekt. Dersom du allereie får fleirårig støtte frå ordninga, er det mindre sannsynleg at du får innvilga ny søknad.

Slik blir søknaden behandla

Dersom du ikkje er ein kommune, må Nord-Fron kommune rangere søknaden før han blir sendt vidare til Bufdir. Rangeringa blir gjort av administrasjonen i kommunen, og baserer seg på lokale prioriteringar som:

  • prosjektet si tyding for barn og unge i Nord-Fron
  • grad av samarbeid med lokale aktørar
  • gjennomføringsevne
  • måloppnåing og dokumentert behov

Den kommunale rangeringa blir deretter sendt til Bufdir, som gjer den endelege vurderinga og avgjer om søknaden får tilskot.

Slik søkjer du

Gå til søknadsportalen hos Bufdir. Der finn du informasjon om kven som kan søkje, kva for aktivitetar som kan få støtte, og kva skjema du skal bruke. Les nøye, fyll ut skjema og send søknaden innan fristen.

For deg som søkjer frå Nord-Fron

Planlegg du eit tiltak, bør du ta kontakt med Nord-Fron kommune så tidleg som mogleg. Tjenesteleiar for kultur og kommunikasjon, Erik Tøftestuen, er kontaktperson for ordninga (sjå kontaktinformasjon i sidefeltet). Han kan gi råd om søknadsprosessen og hjelpe til med lokal forankring. Eit godt utarbeidd budsjett og solid dokumentasjon aukar sjansen for å få tilskot.

Kontakt

Erik Tøftestuen
Tjenesteleder
E-post
Telefon 61 21 62 76
Mobil 91 59 73 93
24.02.2013 22:15:35