Ulovleg ferdsel innanfor anleggsgjerdet ved Storåa i Kvam

Det er observert at enkelte tek seg inn på anleggsområdet ved Storåa i Kvam. Dette er ikkje tillate.

Det er sett opp anleggsgjerde rundt delar av området ved Storåa i Kvam i samband med arbeid som går føre seg der. Gjerdet er sett opp av omsyn til tryggleiken.

Vi har ved fleire høve observert at uvedkomande tek seg innanfor anleggsgjerdet. Dette er strengt forbode.

Vi ber alle respektere skilting og avsperringar, og halde seg utanfor anleggsområdet.