Utvida båndtvang

I Nord-Fron kommune er det ei lokal forskrift om utvida båndtvang for hund som gjeld frå og med 21. august til og med 15. oktober.

Alle som bur fast eller for ei tid oppheld seg i kommunen og som sjølve eig/har ansvaret for hund, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 21. august til og med 15. oktober i dei områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter.

Eier eller innehaver av hund skal holde hunden i bånd eller forsvarlig innestengt eller inngjerdet:
i bustadområde, handleområde og parkar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon samt i alle lysløyper så lenge de blir preparert.

Denne forskrifta gjeld ikkje for:
Dresserte gjetarhundar i arbeid.
Tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving.
Hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt.
Jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under trening eller prøving på lovleg område og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar.
Organisert trening av brukshundar.

Forskrift om utvida båndtvang for hund, Nord-Fron kommune