Planavgrensning
Mål for planarbeidet:
Leggje til rette for ein ny flaumvoll langs Industrivegen i Kvam. Flaumvollen skal utformast på ein slik måte at han skal ta unna for flaum i Lågen. Det blir òg lagt opp til at vegen inn til området blir tilpassa ny flaumvoll. Dette blir detaljert gjennom prosjektet. Ut over dette er det planlagt at eksisterande reinseanlegg blir flytta lenger vestover. Det er formålstenleg å ta dette med i reguleringsplanarbeidet.
Planområde:
Varslingsgrensa ligg mellom jernbanen og Lågen på Kvam. Området er tidlegare regulert og består av næringsareal, forretning, bustad og offentlege føremål.
Vurdering av konsekvensutgreiing:
Tiltaket er vurdert til ikkje å kome inn under krav om konsekvensutgreiing.
Utgreiingsplikta er vurdert ut frå krava i kapittel 2 og 3 i KU-forskrifta, samt forskrifta sine vedlegg I og II. Planarbeidet skal leggje til rette for flaumtrygging og kjem inn under reguleringsplanar for tiltak i vedlegg II i KU-forskrifta, jf. § 8 a. Planforslaget er i samsvar med gjeldande kommuneplan, og det blir vurdert at tiltaket ikkje vil føre til vesentlege verknader for miljø og samfunn, jf. § 10.
Innspel og spørsmål:
Innspel og spørsmål til planarbeidet kan sendast skriftleg via e-post til Sweco Norge AS ved Per Arne Skartlien, perarne.skartlien@sweco.no
Kopi av innspel kan sendast til post@nord-fron.kommune.no