Varsel om stor snøskredfare i Innlandet

Det er varsla stor snøskredfare (faregrad 4) for region Jotunheimen torsdag 26. februar, og mogleg også fredag 27. februar 2026. Innbyggjarar og tilreisande blir oppmoda om å vere ekstra merksame og vise stor aktsomheit i fjellet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om STOR snøskredfare – faregrad 4 – i region Jotunheimen. Varslet gjeld torsdag 26. februar og kan bli gjeldande også fredag 27. februar.

Kva betyr faregrad 4?

Faregrad 4 inneber at det er svært ustabile forhold i snødekket. Det kan gå naturleg utløyste skred, og det skal liten tilleggsbelastning til før skred kan løysast ut. Skreda kan bli store og nå langt.

Alle som ferdast i eller nær skredutsett terreng må vise særleg varsemd. Det gjeld både til fots, på ski og med snøskuter.

Unngå skredterreng

Ved stor snøskredfare rår NVE til å:

  • Unngå bratt terreng (brattare enn 30 grader)
  • Hald avstand til utløpsområde for skred
  • Følgje med på oppdaterte varsel og lokale vurderingar
  • Planlegg turar nøye, og vurder alternative aktivitetar dersom forholda er usikre.

Følg med på oppdateringar

Snøskredvarselet kan endre seg raskt. For oppdatert informasjon og detaljar om situasjonen, sjå Varsom.no:

👉 http://www.varsom.no/snoskred/varsling

Nord-Fron kommune oppmodar alle som ferdast i fjellet om å ta varselet på alvor. Trygg ferdsel er eit felles ansvar.