Vi søker samarbeidspartnar!

Nord-Fron kommune ser etter frivillige lag og foreiningar som ønskjer å ta på seg enkle, men viktige oppgåver knytt til friluftsliv og tilrettelegging. Dette er ei god moglegheit for lokale idrettslag, grendelag, turlag, ungdomslag og liknande til å tene pengar – gjennom arbeid som i stor grad føregår utandørs og i eigne nærområde.

Vi har no behov for samarbeidspartnarar til eitt eller begge desse oppdraga:

Hytte med utvendig trapp - Klikk for stort bileteDagsturhytta med utvendig trapp Morten Randen

 

1. Tilsyn og enkelt vedlikehald av Dagsturhytta

Oppdraget handlar om å ta vare på Dagsturhytta gjennom:

  • jamleg tilsyn
  • enkel rydding og reinhald
  • melde frå til kommunen dersom det er behov for større tiltak

Arbeidet er ikkje krevjande, men viktig for at hytta skal vere triveleg og trygg å bruke for alle. Oppdraget gjeld heile året, og blir gjort i dialog med kommunen.

 

2. Rydding, merking og vedlikehald av pilegrimsleia

Terje Abrahamsen

Dette oppdraget gjeld pilegrimsleia frå Svan og nordover til kommunegrensa mot Sel, og er avgrensa til sommarsesongen (frå snøen går til snøen kjem), normalt frå mai til oktober.

Arbeidet omfattar:

  • rydding langs leia
  • kontroll og enkelt vedlikehald av merking
  • melde frå til kommunen dersom det er behov for større tiltak

Økonomi og rammer

Dette er ikkje dugnad, men eit betalt oppdrag.

For begge oppdraga gjeld:

  • kr 200 per time, avgrensa oppover til 25 timar per år
  • i tillegg eit fast beløp på kr 4 000 per år til dekking av bruk av utstyr, drivstoff og administrasjon
  • moglegheit for justeringar etter nærare avtale
     

Det er ønskeleg med éin foreining per oppdrag, men same foreining kan gjerne ta på seg begge.

Interesse og vidare prosess

Vi ønskjer ei tilbakemelding innan 1. mars. Deretter vil kommunen gjere ei vurdering basert på dei interessentane som melder seg.

Har de spørsmål, eller ønskjer de å melde interesse, ta kontakt på e-post med tenesteleiar for kultur og kommunikasjon, Erik Tøftestuen. 

Klikk her for å sende e-post

Kontakt

Erik Tøftestuen
Tjenesteleder
E-post
Telefon 61 21 62 76
Mobil 91 59 73 93
24.02.2013 22:15:35