eFaktura

Om du inngår ein avtale om eFaktura får du rekninga rett i nettbanken. For å nytte deg av eFaktura-tenesta må du ha tilgang til nettbank hos din bank.

 

Fordeler med eFaktura:

  • Du mottar faktura i nettbanken i staden for i postkassa.
  • Du slepp å taste inn lange KID- og kontonr. når rekninga skal betalast. Alt er ferdig utfylt.
  • Det einaste du treng å gjere er å bekrefte betalinga i nettbanken eller via brettbank/mobilbank.
  • Dersom du ønskjer det, kan du bli varsla på e-post kvar gong ei ny rekning kjem.
  • Nettbanken har enkel oversikt over rekningar som er betalt og kva som ligg til betaling. 

Korleis inngå avtale om eFaktura:

Når du betaler neste rekning frå Nord-Fron kommune i nettbanken din, vil du få spørsmål om du ønskjer å motta rekninga elektronisk, altså som eFaktura. Dette svarer du bekreftande på, så følger du rettleiinga du får på skjermen. Banken ber blant anna om eFaktura-referanse. Opplysningar om denne referansen står på fakturaen du har mottatt frå kommunen. Du kan også registrere eFaktura manuelt i nettbanken. 

Meir informasjon om eFaktura.