Målbruksplan

Nynorsk er administrasjonsspråk i Nord-Fron kommune. 

Siste politiske vedtak om målform vart gjort i kommunestyret 21.10.2004. (PDF, 342 kB)

Nynorsk skal i hovudsak bli brukt på kommunen si heimeside, i kunngjeringar og i overordna plandokument. Vidare skal nynorsk i hovudsak nyttast i skriv til fylkeskommunalt og statleg forvaltningsnivå.

Den enkelte tilsette kan likevel nytte bokmål i sitt daglege arbeid dersom vedkomande meiner at ho/han meistrar dette betre, og det gir eit betre språkleg resultat. Slikt arbeid kan t.d. vere referat, rapportar og saksframlegg, samt skriv til innbyggjarar og andre, der det ikkje er krav om ei bestemt målform.

Her kan du lese Målbruksplan for Nord-Fron kommune. (PDF, 3 MB)