Nord-Fron kommune

Ordførar si side

Ordførar si side

Klikk for stort bilete Rune Støstad (Ap) er ordførar i Nord-Fron kommune. Støstad vart valgt inn i kommunestyret i 2011 og overtok som ordførar etter valet i 2015. Han er attvald som ordførar for kommunestyreperioden 2019-2023.

Kommunestyret i Nord-Fron har 25 representantar. I tillegg til Arbeiderpartiet (15 repr.) er både Senterpartiet (7 repr.), Høyre ( 2 repr.) og Fremskrittspartiet (1 repr.) representert i kommunestyret.

Rune Støstad tok journalistutdanning i Volda og han har eit masterprogram inna kommunikasjon og leiing frå BI i Oslo. Han har mange års leiarerfaring frå mellom anna NRK, Eidsiva Energi, Nord-Fron kommune og Lillehammer og Gudbrandsdal Kunnskapspark.

Rune er gift, har to barn og bur i Ruste.

Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalgte. Han er den øvste ansvarlege for kommunestyret og kommunen sin fremste offentlege representant. I Nord-Fron er ordføraren den einaste heiltidspolitikaren.

Ordføraren leier alle møtene i kommunestyret og formannskapet.

 

Kontakt ordføraren:

Telefon: 61216103/91864767

rs@nord-fron.kommune.no

facebook.com/runestostad