Kvar går eigedomsgrensene?

Om du skal bygge eller plante ein hekk på eigen eigedom, så kan spørsmålet om kvar eigedomsgrensa mi går, dukke opp.

Sjekke grensa ved hjelp av eigedomskart

For å få ein grei peikepinn på kor eigedomsgrensa går, så er eigedomskart på nett eit godt hjelpemiddel. Nord-Fron kommune sitt Kommunekart  på nett viser eigedomsgrenser som i ligg i matrikkelen (eigedomsregisteret). Ved å gå inn på "Kartlag" og velg "Eiendommer" og "Flyfoto" i denne kartløsninga, så får du ein god peikepinn på kor grensa di går.

Ver merksam på at ikkje alle eigedomsgrenser ligg med like god nøyaktigheit i kartet. Eigedomar som er målt i nyare tid (frå ca. år 1970 og framover) har som regel koordinatfesta grensepunkt med god nøyaktigheit. Eldre eigedomar (med f.eks. skylddeling som arealkilde) har ofte eigedomsgrenser som ikkje er koordinatfesta i marka, og ligg dermed med ein dårlegare nøyaktigheit i kartet. For å finne ut om eigedomsgrensa di har god nøyaktigheit eller ikkje, så kan Kartverket sitt eigedomskart "Sjå eigedom" brukast. Her er nøyaktigheita på eigedomsgrensene definert med fargekoding. Teiknforklaringa forklarar fargekodinga.

Sjekk om det står grensemerker i marka

Om eigedomen er målt i nyare tid, så er det stor moglegheit for at grensemerker er nedsett i marka. Ta ei runde rundt ytterkanten av eigedomen din, og sjå om der er nedsett grensemerker ("aluminiumskuler", eller gule/raude plastkuler). Dersom du har målebrev eller matrikkelbrev for eigedomen din, så står grensepunkta opplista med type merking i desse dokumenta.

Er det tomt frådelt før ca. 1970, kan grense vere merka med grensesteinar. Desse steinane er flate steinar som står opp, og truleg er det nedsett to mindre steinar rett ved som er kalla "vitnar". Det er viktig at slike steinar får stå urørte.

Bestille grensepåvising (klarlegging av grense)

Om du treng å vite heilt nøyaktig kor grensa di går, så kan du bestille grensepåvising ved oppmålingsavdelinga i Nord-Fron kommune. Grensepåvising er å klarlegge og merke eksisterande grenser i marka. Naboeigedomar som støytar til aktuell eigedomsgrense vert innkalla ved påvisinga/klarlegginga.

Kven kan bestille

Det er eigar av eigedomen som kan bestille grensepåvising/klarlegging og i tillegg kan kommunen bestille der eigedomen ligg.

Slik bestiller du

Bestilling skjer ved hjelp av  -  link til søknadsskjema. Legg ved ei kartskisse som viser kva for grensepunkt du ønskjer påvist/klarlagt.

 

Behandlingstid

Når oppmålingsavdelinga har mottatt bestillinga, så vil vi sørge for varsling om påvising/klarlegging til aktuelle partar, så snart som mogleg. Saksbehandlingstida er normalt frå 2 til 4 veker for slike saker. Dersom det gjeld klarlegging av grense som ikkje er nøyaktig målt frå før, så kan saksbehandlingstida bli noko lenger. 

Pris

Prisen er avhengig av kor mange grensepunkt som er ønskt påvist. Dersom grensene ikkje er nøyaktig målt tidlegare (ikkje tidlegare koordinatfesta), så er prisen høgare. Grensesteinar som eigarar er enige om blir målt inn gratis.

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra