Overføring av areal

Kva inneber arealoverføring?

Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedomar enn kva som er mogeleg i form av grensejustering.

Ved arealoverføring slepp ein å opprette ny grunneiendom, tinglyse skøyte og utføre ei samanslåing av eigedomane. Dersom involverte eigedomar har ulike heimelshavarar (grunneigarar) må det tinglysast ei erklæring om arealoverføring. Det må også betalast dokumentavgift til staten. Eventuelle heftingar på avgivande eigedom må frafallast. Arealoverføring er derfor best egna når begge eigedomane har same heimelshavar.

 

Slik søker du

Søknad om arealoverføring har same framgangsmåte og skjema som for deling av eigedom. Areal som skal overførast må vere heftelsesfritt.

Sjå Kartverket si nettside om arealoverføring for meir informasjon.

Pris

Når du søker om arealoverføring, må du betale gebyr både for behandling av søknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet. Blir det søkt om dispensasjon så medfører dette tilleggsgebyr.

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra