Nord-Fron kommune

Samanslåing av eigedomar

Samanslåing av eigedomar

Eigedomar som ligg i same kommune og har same heimelshavar (eigar), kan slåast saman til ein eigedom. Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel til vedkommande eigedomar.

Krav til samanslåing

Eigedomar som skal slåast saman, skal utgjere eit samanhengande areal. Det vil seie at eigedomane må grense til kvarandre.

Samanslåing av eigedomar kan ikkje gjennomførast dersom dette førar til prioritetskollisjon mellom panthavarane. Det vil seie at pengeheftingar må vere lik på eigedomane, eller at ein av eigedomane er fri for pengeheftingar. Kommunen sjekkar grunnboka for eigedomane før samanslåing blir sendt til tinglysing hos Kartverket.

Korleis søke om samanslåing

Fyll ut skjemaet Krav om samanslåing.
Send skjemaet til:
Nord-Fron kommune
Nedregata 50, 2640 Vinstra.
Skjemaet kan også sendast på e-post til post@nord-fron.kommune.no

Pris

Samanslåing av eigedomar er ei gratis teneste.

Kontakt

Gøran Rannstad
Oppmålingsingeniør
E-post
Telefon 61 21 61 59
Mobil 911 62 887

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra