Sambruk og lokalisering 2025

Er det slik Vinstra sentrum kan bli?

 

Kort om prosjektet

Nord-Fron kommune står framfor ei stor og viktig oppgåve: Å sjå på samlokalisering av tre viktige offentlege tenester - ein ny 1–10 skule, helsehus og kulturtjenester. Dette skal gje innbyggjarane betre tilbod, meir aktivitet og eit levande sentrum.

Prosjektet «Sambruk og lokalisering 2025» har sett på desse investeringane samla for å sikre ei heilskapleg vurdering av framtidige behov. 

Sambruk og lokalisering 2025 – forslag klart til politisk behandling

Nord-Fron kommune er i gang med eit omfattande arbeid for å sikre framtidsretta og berekraftige løysingar for offentlege bygg og tenester i Vinstra. Kommunen skal investere i ny 1–10-skule, nytt helsehus og nytt kulturhus. Målet er å samle viktige tenester nær sentrum, sikre god samhandling, redusere driftskostnader og utvikle eit meir levande og attraktivt kommunesenter.

Etter ei brei utgreiing med fagleg støtte frå RAM Arkitektur og medverknad frå innbyggjarar, tilsette, frivillige og organisasjonar, er det no foreslått ei samla løysing for plassering av dei tre bygga.

Foreslått plassering

Kommunedirektøren tilrår følgjande lokalisering:

  • 1–10-skule med fleirbrukshallBarhaug, med tomteutviding sør for dagens skulebygg.
  • Kulturhus i tilknyting til Vinstrahallen og Vinstra park, med samlokalisering av bibliotek, kulturskule, ungdomsklubb, frivilligsentral og kino.
  • Helsehusvestsida av sentrum, ved Sundheimsvegen/Lågen, med plass til legekontor, helsestasjon, psykisk helse og andre helsetenester.
     

Denne løysinga meiner kommunedirektøren at legg til rette for kort avstand mellom tenestene, effektiv sambruk, sterkare fagmiljø og god tilgjengelegheit for innbyggjarane. I tillegg vil den styrkje Vinstra sentrum som bu- og arbeidsstad – i tråd med strategiane i Vinstra 2046 og kommuneplanens samfunnsdel.

Saka skal behandlas i følgjande utval og råd: 

  • Formannskapet
  • Utval for helse og oppvekst
  • Utval for miljø, landbruk og areal
  • Ungdomsrådet
  • Eldrerådet
  • Råd for menneskje med nedsatt funksjonsevne

📅 Saka skal endeleg behandlas i kommunestyret 17. juni 2025. 

Sjå sakspapira her!


Kvifor treng Nord-Fron kommune å investere i nye bygg?

Mange av bygga som huser dei offentlege tenestene i Nord-Fron er gamle og ikkje tilpassa framtidas behov. Skulane har vore gjennom fleire utgreiingar, og det er vedteke at ein ny 1–10 skule skal byggjast. Samstundes ser vi at dei eksisterande løysingane innan helse og kultur krev store oppgraderingar. Ved å sjå desse behova samla, kan vi utvikle framtidsretta bygg som gjev betre tenester, legg til rette for sambruk og sikrar eit levande sentrum.

Kva har skjedd så langt?

Vi oppmodar alle interesserte til å sjå gjennom dokumentbiblioteket for meir detaljert informasjon, og sjå sida “Kva prosjektet omfattar” for meir info om dei tre tenestene. 

Ofte stilte spørsmål

Prosjektet er stort og omfattar mange fagfelt, noko som gjer at det oppstår mange spørsmål I feltet under håper vi å kunne svare ut ein del av spørsmålene de har.