
Dagens grunnskuletilbod er fordelt på Barhaug skole (1.–7. trinn), Sødorp skole (1.–7.) og Vinstra ungdomsskule (8.–10.).
- Sødorp og Vinstra ungdomsskule er gamle bygg med høge driftskostnader og behov for omfattande oppgradering, både når det gjeld bygningsmasse og pedagogisk tilrettelegging.
- Barhaug skole er det nyaste, men er over 40 år gammal og ikkje lenger eit moderne bygg etter dagens krav.
Det er vedtatt at skulane skal slås saman i ei ny 1–10-skule, men plasseringa er enno ikkje bestemt. Det er fysisk mogleg å etablere ny storskule både på tomta til Barhaug og på området ved Sødorp/Vinstra ungdomsskule. Samtidig inneber begge alternativa fordyrande tiltak:
- På Barhaug vil det vere behov for oppkjøp av tilgrensande private bustadtomter.
- På Sødorp må adkomstveg leggjast om for å sikre trygg trafikkavvikling.
Ei samling av skulestrukturen vil gi betre samanheng i opplæringa, meir effektiv drift og eit framtidsretta tilbod for elevar og tilsette.
Les meir om arbeidet med skolestruktur her!
Kulturfunksjonane på Vinstra er i dag spreidd over fleire gamle bygg med store tekniske og funksjonelle begrensningar:
- Kulturskule og kino deler Folkets Hus frå 1937. Bygget har gamle tekniske anlegg, og lydlekkasje mellom kinosal og kulturskolen gjer sambruk krevjande.
- Frivilligsentralen og BUA held til i Gammelbanken, flytta til Vinstra frå Kvam i 1904. Eit bygg med historisk sjarm, men lite eigna for moderne tenester eller samarbeid.
- Biblioteket ligg i 1. etajse på kommunehuset i Nedregata, har godt innhald, men ligg noko isolert og tilbaketrukke. Få kjem innom tilfeldig, og dagens arrangementslokale har ei grense på maks 80 personar grunna utforming og plass. Det er også mangel på studieceller og grupperom.
Dagens spreidde struktur – fire bygg på ulike stader på østsida av Lågen – gjer det krevjande å skape synergi, fellesskap og eit samla kulturmiljø. Det er heller inga felles møteplass for brukarane.
Det er sett av kr. 500 000 i budsjettet for 2025 til å forprosjektere ei samlokalisering av kulturtenester. Gjennom prosjekt sambruk og lokalisering ser ein i tilleg på om det vil vera hensiktsmessig å samlokalisere kulturtenestene med helse og skole-tenester.
Helse- og velferdstenestene på Vinstra er i dag spreidd over fleire bygg, både kommunale og private, med avgrensa moglegheit for sambruk og fagleg samhandling:
- Helsestasjonen leiger lokaler i 2. etasje på Sødorptunet.
- Fysioterapi og ergoterapi held til på det såkalla POST-huset i Nedregata.
- ROP-tenesta (rus og psykisk helse) er lokalisert i 2. etasje i kommunehuset.
- Legekontoret ligg i eigd bygg på Nordre Byre, men treng omfattande rehabilitering og har for liten kapasitet.
Bygga fungerer i hovudsak etter dagens behov (med unntak av legekontoret), men den geografiske spreiinga fører til:
- Lite samarbeid på tvers av fagmiljø – t.d. mellom fysioterapeutar og legar, eller helsestasjon og ROP.
- Lite deling av ressursar og fasilitetar som venterom, møterom og spesialrom.
- Færre felles møteplassar og svakare fagmiljø for dei tilsette.
- Dårlegare flyt i pasientforløp, spesielt der fleire tenester er involvert.
- Mange stopp og større behov for planlegging for brukarane.
Ei samlokalisering i eit nytt helsehus vil ikkje berre gi meir effektiv drift og betre ressursutnytting – det kan også bidra til å styrke rekruttering og fagleg utvikling i helsefeltet i Nord-Fron. Eit samla helsebygg vil gi betre oversikt for brukarane, styrke samhandlinga og skape ein meir attraktiv arbeidsplass for framtida.