Prosjektet «Lokalisering av offentlege bygg» handlar ikkje berre om kvar ei ny 1–10-skule, eit helsehus og eit kulturhus bør plasserast, men også om det kan vere fordelaktig å samle desse funksjonane i eitt eller fleire felles bygg. Sambruk kan gi både betre utnytting av areal, enklare drift og nye møteplassar for innbyggjarane.
Prosjektet skal munne ut i ei samla anbefaling som tek høgde for økonomi, brukarbehov og framtidig utvikling av sentrum. Målet er ei berekraftig løysing – sosialt, økonomisk og miljømessig – som også kan gi ny kraft til Vinstra sentrum.
Eksterne samarbeid og kunnskapsgrunnlag
Prosjektgruppa har inngått avtale om samarbeid med RAM arkitektur, som vil bidra med fagleg støtte i vurdering av løysingar og utforming av illustrasjonar og alternativ. Som del av kunnskapsgrunnlaget har prosjektgruppa også vore i møte med dronelærlingane i Ringebu kommune, som skal bidra med dronefilm og kartlegging av bevegelsesmønster i sentrum.
Medverknad på veg
Parallelt med dei faglege vurderingane arbeider vi med å ferdigstille ein plan for involvering av innbyggjarar, tilsette og brukarar. Det vil bli gjennomført eigne verkstader og lagt til rette for digitale tilbakemeldingar. Målet er brei medverknad og godt forankra avgjerder.
Prosjektgruppa
Prosjektgruppa består av:
- Erik Tøftestuen (prosjektleiar)
Prosjektgruppa med Anita Watterud (f.v.), Vigdis Holmestad, Hanne Kristine Risdal, Egil Toftes, Pål Ellingsbø, Pernille Røen Hill og Erik Tøftestuen- Anita Watterud
- Hanne Kristine Risdal
- Pål Ellingsbø
- Vigdis Holmestad
- Egil Tofte
- Pernille Røen Hill
-
Prosjektet skal leggje fram sluttrapport med tilråding før sommaren 2025.