Er det arbeid du treng hjelp til? Snørydding, plenklypping, luking bortkjøring av avfall, innkjøp, vindusvask, golvvask, småreparasjonar av ymse slag eller liknande!
Eldrerådet og Råd for menneskje med nedsatt funksjonsevne i Nord Fron har gått saman om organisering av småjobb i kommunen.
Oppdrag du ønskjer hjelp til kan meldast på:
TLF: 90 83 78 60.
Telefontid: Måndag, tysdag og onsdag kl.10.00 - 12.00.
SMÅJOBBEN vil knyte til seg personar som ønskjer å utføre ymse arbeid for eldre og uføre rundt omkring i kommunen.
Prisen pr. time er sett til kr.150,-og skal betalast direkte til den som utfører oppdraget.
Retningslinjer
Eldrerådet og Råd for menneskje med nedsatt funksjonsevne har vedteke slike retningslinjer for SMÅJOBBEN i Nord Fron:
- SMÅJOBBEN er eit tilbod til eldre og uføre som treng ulike former for hjelp.
- Timepris kr.150,-, betales direkte til den som utfører arbeidet. Reisetid til og frå skal reknast med. For oppdrag med bruk av privat bil kjem kr. 50,- i tillegg til timepris. Kjøring med privat bil m/hengar til avfallsplassen kr. 150,-.Bruk av anna privat utstyr (motorisert) kr. 50,- pr. time.
- Oppdraget bør ikkje ta meir enn tre timar pr. gong.
- Vi skal ikkje gå handverkarar, eller andre, i næringa.
- Den som utfører arbeidet, og den som får hjelp skal signere på arbeids- og betalingsskjema. Skjemaet skal leverast leiar for Småjobben (Anne Kari Aspeslåen/ Liv Larsen).
- Alle som deltek i dette arbeidet, må vera med å gje Småjobben eit godt omdøme.
- Er det sagt ja til eit oppdrag, må det gjennomførast.