Vi kan hjelpe med resept på prevensjon, graviditetstestar, klamydiatestar og underlivsundersøkingar. Vi sender deg vidare til fastlege eller spesialist når det er behov for det.
Du kan også komme til oss for å snakke om ulike ting, som til dømes:
Spørsmål om kroppen
- Problem på skolen
- Konfliktar i familien
- Er du trist, einsam
- Parforhold
- Seksualitet/prevensjonrettleiing
- Kjønnsidentitet og seksuell identitet
- Seksuelt overførbare sjukdommar
- Rus og misbruk
- Røyking
- Graviditet
- Menstruasjon
- Slanking og matlystavvik
- Vonde opplevingar, t.d. seksuelt misbruk, vald,
- Dødsfall/sjukdom i familien
Alle som jobbar på helsestasjon for ungdom har teieplikt.
Kven kan få tilbodet?
Helsestasjon for ungdom er eit tilbod for ungdom opp til 20 år.
Korleis få tilbodet
Ope kvar onsdag kl. 14.00-17.00. , lege tilstede frå kl. 14.30 -15.30. Du treng ikkje bestille time. Helsestasjon for ungdom held fortsatt til i gamle helsestasjonsbygget i Nordre Byre ( ved Legekontoret).
Pris
Tilbodet er gratis.