Nord-Fron kommune

Legevakt

Legevakt

Du skal bruke legevakt ved behov for akutt legehjelp utanom opningstida til legekontoret (problem som av medisinske grunnar ikkje kan vente til vanleg kontortid).

Kontakt til legekontoret og til legevakt skal skje på følgjande måtar:

Timebestilling som kan planleggast skal skje innafor legekontoret si opningstid. Bestilling skjer elektronisk eller pr telefon til fastlegekontoret

  • Nord-Fron/Vinstra legekontor: 61 21 63 00.
  • Legekontoret har opningstid måndag til fredag kl 08.00-15.00. Telefontid: kl 09.00-11.45 og
    kl 12.14-15.00

Ved behov for kontakt med legevakt skal man henvende seg via nasjonalt legevaktsnr:  116 117.

Ved livstruande sjukdom eller skade, ring 113

Lillehammer interkommunale legevakt tek over som legevakt for Fronskommunane frå 30. august.

Frå 30. august vil oppmøtestad for legevakt  vera Lillehammer interkommunale legevakt både på kveld/helg/høgtid/natt.

Mottak av vakttelefon legevakt er Lillehammer kommunale legevakt.

Lillehammer interkommunale Legevakt er lokalisert på Sykehuset Innlandet, Anders Sandvigsgate 17, Lillehammer.

Her finn du ytterlegare informasjon om fastlege, legevakt og ambulansetenester. (PDF, 186 kB)