Heimesjukepleie

Heimetenesta ved avdeling Heimesjukepleie skal arbeide for at flest mogleg brukarar skal få bu heime lengst mulig. Brukarar skal oppleve tryggheit og livskvalitet så lenge dei bur heime.

Kva tilbyr vi?

  • Formålet med tenesta er å legge tiltrette så brukar blir mest mulig sjølvhjulpen og i stand til å ivareta eigne behov.
  • Bistand til å hente medisin, istandgjering og utlevering av vekedosett multidose/døgndose kan innvilgast når pasient har nedsett hukommelse/vurderingsevne, pasient har betydeleg nedsett funksjonsevne eller pasient er rusavhengig/har rusproblem.
  • Måling av blodtrykk, puls og blodsukker er undersøkingar som blir gjort som ledd i ein observasjon. Dette skal begrunnast fagleg og vere tidsavgrensa.
  • Hjelp til injeksjonar, blodprøver, sårskift o.l. om ikkje brukaren  kan komme seg til lege ved eigen hjelp.
  • Tilrettelegging/veiledning og hjelp til personleg hygiene.
  • Legge til rette for at brukar kan utføre/trene på dagleglivets aktivitetar.
  • Ernæring; tilbud om tilrettelegging/smøring av brødmat. Bistand til oppvarming av ferdig laga middagsmat.
  • Kartlegging og oppfølging i forhold til av ernæringsmessig risiko.
  • Omsorg og pleie i livets sluttfase.
  • Tilsyn når besøket har en klar hensikt og er fagleg vurdert av heimesjukepleia.
  • Førebyggande tiltak / veiledning / rehabilitering.
  • Motivering, rettleiing i personleg levesett, dagleg kosthald m.m.
  • Motivering og rettleiing til planlegging av daglege aktiviteter
  • Motivere til sosiale aktivitetar.
  • Påminning og motivering for oppfølging av tiltak frå hverdagsrehabiliteringsteamet.

Kven kan få tilbodet?

Heimesjukepleia gir pleie og omsorg til dei som har akutt eller kronisk sjukdom/ funksjonssvikt i eige heim. Heimesjukepleie blir tildelt etter ei individuell vurdering der ein tar omsyn til:

  • Søkaren sin situasjon
  • Kva søkaren kan klare sjølv
  • Husstandsmedlemmer
  • Tilgang på anna hjelp

Hjelpebehovet vil fortløpande bli vurdert.

Korleis få tilbodet?

Du må søke om å få heimesjukepleie.  Søknadsskjema finn du her.

Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.

Det er Tildelingskontoret i Nord-Fron kommune som behandlar søknaden og du kan også kontakte Tildelingskontoret ved evt. spørsmål om tenesta.

 

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Lovgrunnlag

Helsetenester i heimen er heimla i lov om helse- og omsorgstenester §§3-1 og 3-2 punkt 6 bokstav a og omfattar ulike helsetenester som kan ytast i heimen.

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra