Hjelpemiddel

Kommunestyret vedtok i møte 23.02.21 ( K.sak 10/21) nye betalingssatsar innan helse og omsorg. Utkjøring og tilbakelevering av hjelpemiddel har tidlegare vore gratis, men med vedtaket i K sak 10/21 er det vedtatt  - basert på satsar tatt i andre kommunar -  frå 1. september 2021 ein sats på kr 200 for utkjøring/tilbakelevering av hjelpemidlar til lokalt hjelpemiddellager. 

Kva tilbyr vi

Den som har varig skade eller sjukdom kan ved behov søke NAV–hjelpemiddelsentral om utlån av hjelpemiddel

Den som har behov for akutt utlån av enkle hjelpemiddel i ei kortare periode, kan låne hjelpemiddel frå eit kommunalt utlånslager ved Sundheim Bo- og Treningssenter.

Du kan blant anna låne:

  • Stokk, rollator, preikestol, rullestol
  • Toalettforhøyer, toalettstol, dusjkrakk

Har du høyreapparat dekker du allereide kriteria for å få hørselshjelpemiddel. Viss du ikkje har / aldri har hatt høyreapparat må du til audiolog for ein hørselstest. Ergoterapeut treng utskrift frå audiologen for å vurdere om du dekker kriteria før det kan søkast på hørselshjelpemiddel.

Kven kan få tilbodet?

Du må vere må vere busett i Nord-Fron kommune for å få utlevert hjelpemiddel her.

Hjelpemidla skal i utgangspunktet hentast og leverast av brukar

Det er viktig at utstyr som ikkje lenger er i bruk leverast tilbake i reingjort tilstand, så raskt som mogleg

Slik søkjer du

Ved behov for informasjon råd og rettleiing om aktuelle hjelpemiddel, og ved behov for hjelp i samband med søknadsprosessen til NAV-hjelpemiddelsentral, kan du kontakte ergoterapeut på Sundheim.

Levering, henting og reparasjon av hjelpemidler

Her finn du
Informasjon vedr. kortvarig lån/langvarig lån, vedlikehald/reparasjon, pris og fakturering - gjeldande frå 1. september 2021.  (PDF, 455 kB)

Kontakt evt.  Hjelpemiddelservice - tlf. 908 24 509
             

Kva kostar det?

Kr. 200,- pr. ordre dersom kommunen kjører ut eller hentar inn hjelpemiddel som du har lånt.

Opningstider

Alle dagar: 08:00 - 15:30

Tlf. 61 21 64 00

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

 

 

Kart