Kvardagsrehabilitering

Kva tilbyr vi?

Kvardagsrehabilitering er ei vedtaksbasert teneste basert på spesifikke kriterie. Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter eit funksjonsfall / som står i fare for å få eit funksjonsfall, og som strevar med å meistre aktivitetar som er viktige for deg i kvardagen. Bustad og nærområde er treningsarena. Saman med fagpersonar set du deg mål, og vil få rettleiing og oppfølging i aktivitetar som gir framgang.

Tiltaket vil gjelde i ein klart avgrensa periode.

Kven kan få tilbodet?

Heimebuande vaksne som har vanskar med å ivareta daglege aktivitetar dei nyleg har meistra på grunn av eit funksjonsfall, eller som står i fare for å få eit funksjonsfall. Herunder:

  • Pasient som søkjer kommunale tenester for første gong.
  • Pasient med enkle tenester som søkjer utvida tenester på grunn av funksjonsfall. 
  • Pasient som skrivast ut frå sjukehus, rehabiliteringsinstitusjon og / eller avd. korttid / rehabilitering med eit vidare behov for tverrfagleg rehabilitering.

 

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

Du kan elles ta direkte kontakt med fastlege eller heimetenesta.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Fysioterapeut eller sjukepleiar tek kontakt. 

Lovgrunnlag

Kvardagsrehabilitering er ikkje lovpålagt teneste, men blir organisert som helseteneste i heimen.

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

 

 

Kart