Kva tilbyr vi?
Kven kan få tilbodet?
Korleis få tilbodet?
Pris
Lovgrunnlag
Dagsenter på Sundheim
Dagaktivitetstilbud for heimebuande personar med demenssjukdom og eldre heimebuande personar (utan demenssjukdom) har som formål å tilby ein trygg og sosial møteplass der samvær med andre, aktivitet, mestring og gode opplevingar er hovedfokus. Dagtilbodet kan også fungere som avlastning for pårørande. Tilbodet skal bidra til sosial stimulering og aktivisering.
- Opphald på Sundheim i tida måndag - torsdag mellom kl. 09:00 – 14:30.
- Måndagar og onsdagar er eige gruppe for brukarar med demens
- Tysdagar og torsdagar er det åpen gruppe for alle heimebuande.
- Formiddagskaffi og middag.
- Gruppeaktivitetar er trim, avislesing, turar i nærmiljøet og bingo.
- Vi tilbyr også hobbyaktivitetar, trivselsskapande aktivitetar og sosial kontakt.
Dagsentertilbodet er stengt følgande veker:
NOA - Nord-Fron opplærings- og arbeidssenter
Nord-Fron opplærings- og arbeidssenter (NOA) skal gje dei funksjonshemma i kommunen eit tilpassa arbeids- og aktivitetstilbud slik at dei trivst og blir i stand til å kunne delta med samfunnsnyttig arbeid/syssel/aktivitet ut frå eigne føresetnader.
Hovedaktivitetane for brukarane av NOA er ulike former for arbeid/aktivitet. Med utgangspunkt i kvar enkelt brukar sine behov, ønskje og utviklingsmogleghetar skal det lagast ein plan for eit tilpassa og tilrettelagt tilbud.
Kvamstunet - dagtilbod
Kvamstunet ligg nær Kvam sentrum og er eit aktivitetssenter som er ope måndagar, onsdagar og fredagar.
Meir tekst kjem her…
- All tildeling av tenester blir gjort med bakgrunn av ei kartlegging av funksjonsnivået og etter individuell og tverrfagleg vurdering.
- Brukarar med behov for innhald og aktivitetar på dagtid t.d. ved einsemd
- Brukarar med behov for å auke evna til fysisk, psykisk og sosial eigenomsorg.
- Brukarar med behov for rettleiing/trening/aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter.
- Brukarar med pårørande som er i arbeid og som har behov for avlastning.
- Brukarar som er utreda og har fått diagnosen demens.
Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester finn du her.
Her finn du
Betalingssatsar for pleie- og omsorgstenester 2026
Dagaktivitetstilbud er ikkje ei lovfesta plikt å ha for kommunen. Det kan vere ein del av det kommunale omsorgstilbudet og kan då tildelast med heimel i hol. §3-2 nr.6 bokstav b som omhandlar personleg assistanse, eller hol. § 3-6 punkt 2 som omhandlar avlastningstilbud. Dagaktivitetstilbud til heimebuande personar med demens er lovpålagt frå 01.01.2020, jf. hol. § 3-2 punkt 7.