Digitale tenester frå Nord-Fron bibliotek

Her finn du informasjon om digitale tenester du får tilgang til gjennom å ha Nasjonalt lånekort og bruke Nord-Fron bibliotek.

 

For å få tilgang til desse tenestene må du ha eit Nasjonalt lånekort og pin-kode frå biblioteket.

  • Nasjonalt lånekort får du på biblioteket
  • Manglar du pin-kode kan vi sende deg ei ny, ta kontakt!
  • Du kan og lage deg eit Nasjonalt lånekort sjølv på nettet her: https://nb.bib.no/cgi-bin/m2

Bookbites

Bookbites logo

BookBites er ein app til telefon og nettbrett som du kan bruke for å lese e-bøker og for å høyre på lydbøker. Det er gratis å laste ned appen og låne bøker i Bookbites. Du må ha eit lånekort frå biblioteket for å registrere deg som brukar. Biblioteka i Innlandet kjøper inn lisensar på e-bøker og e-lydbøker, og delar på lisensane. Derfor kan det hende du må stå på venteliste på populære bøker, og det ikkje alle bøker eller lydbøker som finst i appen. Eit tips er å velgje "Vis kun ledige - PÅ" når du er inne i appen, da ser du berre ledige bøker og lydbøker.

Kom i gang med Bookbites:

  • Last ned appen BookBites Bibliotek (Google Play / App Store).
  • Opprett ein personleg brukar ved å legge inn epost-adresse og velgje deg eit passord på minst seks tegn (bokstavar og tall).
  • Legg inn ditt lånekortnummer. Dette står under strekkoden din (begynner på N-null-null*******) og pinkoden du har fått på biblioteket (fire siffer).
  • Velg Nord-Fron bibliotek som ditt hovedbibliotek.
  • No kan du låne!

Her får du meir hjelp til innlogging og bruk.

Pressreader

Pressreader logo

No har du tilgang til Pressreader på Nord-Fron bibliotek! PressReader gir deg digital tilgang til ca. 7000 papiraviser og magasiner, frå 125 land og på rundt 60 språk. Les dagens ferske papiraviser eller tidlegare utgåver. På norsk er finn du blant anna avisene Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Bergens tidende og Stavanger Aftenblad tilgjengeleg. Vil du lese nyheiter på andre språk finn du aviser på engelsk, arabisk, urdu, polsk eller tyrkisk her, i tillegg til mange andre språk! Du finn og ei rekke norske vekeblad og tidsskrift, som Se og hør, KK, Vakre hjem og interiør, og Vi over 60.

Kom i gang med Pressreader:

  • Få tilgang ved å bruke bibliotekets trådlause nettverk NFK-Gjest på mobil, nettbrett eller PC.
  • Bruk PressReader-appen eller nettsida pressreader.com
  • Tilgangen varar i 3 dagar kvar gong, også etter at du har kome heim.
  • Tilbodet er gratis.
  • Du kan laste ned det du vil lese mens du er på biblioteket og ha tilgang til det så lenge du vil.

Filmoteket

Filmoteket logo

No kan du bruke lånekortet ditt til å låne spelefilmar fra bibliotekas eigne filmstraumeteneste, Filmoteket. Her kan du velgje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for både barn, ungdom, familiar, og vaksne. Her finn du alt frå klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og Hollywood-filmar, til smalare filmar.

Du kan låne fire filmar i månaden. Lånte filmar kan du sjå i 48 timer, på alle plattformer, i alle kjende nettlesarar. Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast. Du må registrere deg på Filmoteket for å bruke tenesta.

Kom i gang med Filmoteket:

  • Gå til filmoteket.no
  • Velg "Logg inn" i menylinja
  • Klikk på "Registrer ny bruker". Tast inn lånekortnummer og pin-kode. Her bruker du same pin-kode som du bruker til å logge inn på bibliotekets nettside.
  • Fyll inn epostadresse og lag eit passord. Dette passordet bruker du når du skal logge inn på Filmoteket.
  • Du får tilsendt en bekreftelsesmail, sjekk e-posten din og bekreft denne.
  • Snurr film!

Kontakt

Bibliotek
E-post
Telefon 61 21 62 20
Marianne Bøe Jervell
Biblioteksjef
E-post
Mobil 97 53 20 90