Som brukar av meirope bibliotek kan du bruke biblioteket også utanom vanleg, bemanna opningstid. Lånekortet ditt vil fungere som nøkkelkort og du må skrive kontrakt med biblioteket for å få tilgang. Du kan studere, lese aviser, låne bøker og bruke pc i meiråope-tida. Alle lån og innleveringer gjer du på vår sjølvbetjeningsautomat.
Aldersgrense 18 år. Foreldre kan ta med barna inn.
Slik får du adgang:
- Du må være 18 år eller eldre
- Du må være registrert lånar ved Nord-Fron bibliotek
- Du må ha signert kontrakt med biblioteket
For å komme inn i meirope-tid må du:
- ha med lånekortet ditt (enten fysisk eller i appen Bibliofil)
- skanne strekkoden og taste pin-koden din i lesaren utanfor døra
Vi viser deg gjerne korleis du låner og leverer sjølv, loggar deg inn og finner fram når vi ikkje er her!