Sommarles 2026

Frå 1. juni er det klart for ei ny runde med Sommarles for barn i 1.-7. klasse. 

 

Om Sommarles

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn, eller skal starte på skulen til hausten, delta på Sommarles! Sommarles inspirerar til lesing gjennom sommarferien, og det er heilt gratis å vere med. På Sommarles.no registrerer barna seg som deltakarar, og legg inn både bøker som barna har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Ved å legge inn antal minutt brukt på lesing gjennom sommaren får barna poeng og går opp i nivå, og på nivå 10, 20 og 30 kan dei hente seg ein premie på biblioteket.

Kick-off på Nord-Fron bibliotek

Måndag 1. juni startar årets Sommarles, og på Nord-Fron bibliotek har vi Kick-off frå kl. 16.00-18.30. 

Vi kan hjelpe til med registrering denne dagen (og alle andre dagar) og i tillegg kan barna vere med på:
- Høgtlesning av årets Sommarles-forteljing: Farlige Skurkestreker (første del) kl. 16, 17 og 18
- Visning av årets Sommerlas-film (vi viser filmen kvar halvtime)

Alle som kjem får ein overraskelse og er med i trekninga av ei bok. Det blir kake og saft. 

Kontakt

Bibliotek
E-post
Telefon 61 21 62 20