Sommarles startar 1. juni

 Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no

Sommarles gjer lesing meir morosamt, og det er heilt gratis å vere med! Du lagar deg ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og kan følgje med på kva vennane dine les. Her kan du og lese ei superspennande forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket etter dette.

Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

For å bli med på Sommarles må du frå 1. juni gå inn på nettsida sommarles.no og lage deg ein brukar der saman med ein vaksen. Ein føresett må godkjenne at du skal delta, og du må bruke e-postadressa til den føresette ved registrering. Om du treng hjelp kan du spørre på biblioteket. Så er det berre å lese i veg! God sommar med Sommarles!

Kontakt

Mette Hattestad
Spesialkonsulent
E-post
Telefon 61 21 61 55