Kultur, idrett og fritid

Nord-Fron kommune tilbyr fleire tilbod innan kultur, idrett og fritid.

I biblioteket vårt finn du både dei nyaste titlane og dei gode gamle klassikarane. Du finn barnebøker og ungdomsbøker, magasin og tidsskrift, og våre medarbeidarar bistår deg i å finne faglitteratur - sjølv det som ikkje står på hylla. 

Lærarane på Fron kulturskole er høgt kvalifiserte, og sørger for å vidareføre utøverglede til alle elevane, enten det er på fele, teater, gitar, kunst eller dans. 

I salen på Vinstra kino ser du dei største filmane frå Hollywood same dag som dei har verdspremiere. Og du kan sjå dei smale og kritikerroste filmane, og bli minna på kvifor film er best på kino!

Nord-Fron Frivilligsentral sørger for at du som har tid til overs, og vil bidra til at andre har ein god kvardag, får gjort dette på ein måte som er best både for deg og den som mottek tenesta. Frivilligsentralen huser også aktiviteter som betyr mykje for mange innbyggere i kommunen. 

Det er gode føresetnader for alle som driv med frivillig idrettsarbeid i kommunen. Nord-Fron har gode og nye anlegg, og gode tilskotsordningar som ivaretek dei som driftar aktiviteten i anlegga. 

Arrangerer du festival? Utstilling? Eller ei teaterframsyning? Vi har støtteordningar for deg som treng bistand til å få realisert din kulturdraum! 

Vi er omkransa av vakker natur, og lokale idrettslag og ildsjeler sørger for at vi alle kan nyte godt av naturen rundt oss. 

Kontakt

Erik Tøftestuen
Tjenesteleder
E-post
Telefon 61 21 62 76
Mobil 91 59 73 93
24.02.2013 22:15:35