Kommunale tilskotsordningar

Her kan du lese meir om Nord-Fron kommune sine tilskottsordningar. 

​ Tilskott til større arrangement frå Nord-Fron kommune

Nord-Fron kommune ønskjer å støtte større kultur- og idrettsarrangement. Kommunal støtte til slike arrangement skal stimulere regionale arrangørar til å satse på arrangement av nasjonal betydning. Arrangement skaper engasjement og positive ringverknader, og er med på gjera innbyggjarane stolte av kommunen. I tillegg kan store arrangement vera med på å gjera kommunen attraktiv for tilflytting og etablering av næring.

Søknadsfristen er 15. februar! 

Detaljert budsjett må følgje søknaden. Fyll ut denne budsjettmalen (XLSX, 14 kB)og last opp når du søker i skjemaet under.

Søk om tilskot til større arrangement her!


Tilskott frå kulturpengane

Klikk i boksen under for å sjå retningsliner for tilskot av kulturpengane. 

Tilskott til drift 

Nord-Fron kommune gir kvart år økonomisk støtte til kulturarbeid i kommunen.

Målet med tilskottsordninga er for det første ei allmenn opprioritering av kulturarbeidet. Vidare ønskjer ein å stimulere utviklinga av eit variert og aktivt nærmiljø, og skape like vilkår for tiltak og aktivitetar i heile kommunen.

Fordeling av kulturpengar vert gjort etter skjønn, der det vert lagt vekt på følgjande moment:

  • gjennomførte og planlagde tiltak, medlemstal og rekneskapstal
  • kva for kulturoppgåver organisasjonen/tiltaket løyser
  • aldersgruppering - medlemstype (barn, ungdom, eldre, funksjonshemma, osv.)
  • geografiske forhold
  • husleigeforhold

Søknadsfrist er 15. mars! 

Søk om kulturpenger her!

Søk om arrangementsstøtte her!

Tilskott frå Nord-Fron ungdomsråd

Ungdomsrådet kan etter søknad gje økonomisk støtte til aktivitetar for barn og unge.

Søk om tilskott frå Nord-Fron ungdomsråd

 

Dokument til utskrift

Retningsliner tildeling av kulturpengar (DOC, 29 kB)