Erstatning kan bli gjeve til jord- og hagebruksføretak med betydelig avlingssvikt som skuldast klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikra seg mot. Avlinga i skadeåret må vere mindre enn 70% av gjennomsnittsavlinga for vekstgruppa for å løyse ut grunnlaget for erstatning, dvs. eige risiko på 30%.
Eksempel på klimabetinga avlingssvikt er tørke, store nedbørsmengder og flaum, samt dårleg blomstring for honningproduksjon. Normalt blir avlingssvikta rekna ut frå produsert mengde uavhengig av kvalitet. For frukt og bær kan det bli teke hensyn til kvalitetsforringing med orsak i haglskade, store nedbørsmengder eller frost.
Mogleg avlingssvikt må meldast kommunen så tidleg at det skal vera mogleg å føreta ein stedeleg kontroll for å vurdera orsak til skade.
Det kan søkas erstatning for følgjande vekstgrupper;
- grovfôr
- korn og annet frø til modning
- frukt
- bær
- poteter
- grønsaker
Alt fulldyrka og overflatedyrka jordbruksareal som føretaket har fått godkjent produksjonstilskot for i den aktuelle vekstgruppa i skadeåret går inn i berekninga..
Søknadsfristen er 31. oktober kvart år. Det er ønskjeleg med elektronisk søknad via Altinn, men det kan også bli levert papirsøknad til kommunen. Link til informasjon og skjema vedr. avlingssvikt på Landbruksdirektoratet si nettside.