Skjenketillatelse - enkeltanledning eller delar av året

Alkoholloven § 1-6 andre ledd andre setning jf. § 1-6 første og andre ledd opnar opp for at det kan gis alminneleg løyve for ein bestemt del av året, eller for eit enkelt høve.

 

Eksempel på aktuelle arrangement :

  • Vanlege medlemsmøter i ei foreining
  • Samannkomster for idrettslag, klubber, organisasjonar o.l
  • Studentfestar, russearrangement
  • Kundekveldar, mat- og vin-kurs, kunstutstillinger, VIP-arrangement
  • Arrangement som har begrensa tilgang, men der det ikkje foreligge nødvendig tilknytning til den/dei som inviterer
  • Festivalar
  • Konsertar

Bruk av bevillingstypen inneber noko forenkla saksbehandling, samt at det ikkje blir stillt krav om at styrar/stedfortredar skal ha bestått kunnskapsprøve, jf. alkoholloven § 1-7 c tredje ledd.

Liten enkelt anledning

Ein liten enkelt anledning er eit arrangement som går over ein kveld - med relativt få gjester og der alkoholomsetninga utgjer ein svært liten del - og har liten økonomisk betydning.

Du treng ikkje søke om bevilling når:
drikking og servering av alkohol foregår i lokaler når eier, leier, driver eller ansatt disponerer lokalene til eige bruk til sluttet selskap. Det same gjeld når beboer i borettslag eller anna boligsamvirke disponerer lokala til eige bruk til slutta selskap.
Definisjon på slutta selskap: Når det allereie før skjenkinga startar, er danna ein slutta krets av personar, som er samle for eit bestemt formål i eit bestemt lokale. T.d. bryllup, konfirmasjon, jubileum. Kretsen av personar må ikkje vera ope for utanforståande, og deltakarane må ha ein eller anna tilknytning til den eller dei som inviterer til selskapet.

Gebyr
blir fastsatt ut frå innsendt omsetningsoppgåve. Denne skal sendast kommunen seinast 2 mnd etter arrangementet.  Skjema for omsetningsoppgåve https://skjema.nord-fron.kommune.no/skjema/NFR090/ 
Søknadsfrist:
3 veker før arrangementsdato.

 

Korleis søke?

Søknaden skal sendast på fastlagt skjema.

Elektronisk søknadsskjema finn du her.

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er motteke.

For meir informasjon: Bevillingsreglement og retningsliner for kontroll med salgs- og skjenkebevillinger. (PDF, 532 kB)

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra