Foreldreråd og SU

Foreldra er dei viktigaste personane vi i barnehagen samarbeider med, og saman kan vi leggje til rette for at barna får eit best mogleg opphald i barnehagen. Vi ønskjer at foreldra, på same måte som barn og personalet, skal ha eit eigarforhold til, og kjenne
seg stolte over barnehagen «sin». Foreldresamarbeidet skjer både på individnivå med foreldra til kvart barn, og på gruppenivå gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet.

 
Formelle samarbeidsorgan i barnehagen


Foreldreråd: Foreldregruppa er eit eige felles organ, der foreldra kan ta opp og drøfte felles saker. Foreldrerådet er alle foreldra som har barn i barnehagen, og det er foreldra som organiserer dette arbeidet.
 
FAUforeldrerådets arbeidsutval: Det blir valt ut representantar frå foreldrerådet til foreldrerådets arbeidsutval, som fungerar som styringsorgan for foreldrerådet. FAU har som oppgåve å ivareta foreldra si kontakt med barnehagen. To representantar frå FAU sitt i samarbeidsutvalet.
 
SU – Samarbeidsutval:
Utvalet er sett saman av foreldra og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. I og med at våre tre barnehagar er ei felles verksemd er det eitt samarbeidsutval med representantar frå kvar barnehage. Barnehageeigar skal sørgje for å leggje fram aktuelle sakar for samarbeidsutvalet.