Ruste barnehage vart nyopna hausten 2008, og tre barnehagar vart da samla til ein. Ruste skule var ombygd til barnehage og er godkjend for 98 plassar for barn i alderen 0-5 år.
Ruste barnehage legg vekt på å arbeide for å nå hovudmålet «I barnehagane i Nord-Fron kommune bidreg vi til at alle barn får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik» Vi har ein visjon om å være «Ruste robust» - med delmål om eit robust samarbeid i barnehagen vår. Vi ser og opplev det gjennom barn som tør å komme med forslag, tek initiativ, barn som bidreg i sin eigen kvardag og er ein del av fellskapet. Vi ser og opplev tilsette som har tru på at barn kan, klarer og mestrer, vaksne som ser kvart enkelt barn si styrke og legg til rette for at barn skal ha ein likeverdig plass i felleskapet.
Barnehagen har fem avdelinger med navn etter stader i bygda: Hånåhoppet, Feforkampen, Brakjeberget, Liaåksla og Hågåhaugen(friluftsgruppe).
I tillegg til avdelinga har vi fellesrom som vassrom, musikkrom og bibliotek inne og eit stort område å boltre oss på ute. Vi tek ofte turer utenfor gjerdet og har faste turplasser i skogen.