Skåbu oppvekst ligg i fjellbygda Skåbu i Nord-Fron kommune. Vi har barnehage og barneskule, med aldersblanda klasser for 1. og 2. årssteg, 3. og 4. årssteg og 5. - 7. årssteg.
Saman arbeider vi for å byggje trygge, robuste barn og unge. Vi har fokus på pedagogisk entreprenørskap som læringsstrategi. Der er kreativitet, læring gjennom praktisk arbeid, motivasjon og meistring viktige ingrediensar. Her inngår også bruk av lokalmiljø som ein viktig faktor for å skape relevans i læringssituasjonane, og stoltheit over eige nærmiljø. Vi meiner dette legg til rette for trivsel, framtidstru og livskvalitet for elevar og barnehagebarn.
Vi har gode lokale for elevar og lærarar, med mellom anna eigen symjehall, gymsal, datarom, sløydsal og fint skulekjøken.
Kontaktlærarar på Skåbu oppvekst skoleåret 2026 -27