Forskrift for skolefritidsordninga (SFO), Nord-Fron kommune, Innlandet
Heimel: Fastsett av Nord-Fron kommunestyret 22.02.2024 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 13-7.
Kap. 1 Generelt
§ 1 Formål
Skolefritidsordninga (SFO) i kommunen blir drive etter § 13-7 i Opplæringslova, nasjonal rammeplan for SFO og etter retningslinene vedtekne av kommunestyret i Nord-Fron.
SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter den obligatoriske skoledagen for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.
SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og sosial læring med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interessar hos barna. SFO skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
§ 2 Eigartilhøve og ansvarleg styringsorgan
Nord-Fron kommune er ansvarleg for drifta av SFO ved kvar skole.
Kommunestyret er ansvarleg styringsorgan for SFO.
§ 3 Styring og leiing
SFO er administrativt lagt under kommunedirektøren.
Rektor har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for ordninga ved den enkelte skolen. Ein av dei tilsette leier den daglege drifta.
Dersom foreldrerådet på skolen ønskjer det, kan arbeidsutvalet supplerast med ein av foreldra som har barn i SFO. Denne representanten blir vald mellom foreldra i allmannamøte.
Dersom samarbeidsutvalet finn det ønskjeleg, kan leiar av den daglege drifta av SFO møte med talerett.
Kap. 2 Om SFO-plassen
§ 4 Ordinær SFO
SFO er ope på skoledagar frå kl 7.00 og fram til skoledagen startar, og frå skoledagens slutt og fram til kl. 16.30.
SFO følgjer skoleruta og er stengt under haustferien, juleferie, vinterferie, påskeferie, planleggingsdagar og alle helligdagar.
§ 5 Sommar-SFO
Sommar-SFO er ope frå kl 7.00 – 16.30, med kjernetid frå kl 10.00 – 14.00.
Det er ikkje anledning til å bruke sommar-SFO før skolestart på 1. trinn.
I skolen sin sommarferie, vil det vere eit samordna tilbod om sommar-SFO i totalt fire veker (to veker etter skoleslutt og to veker før skolestart) når det er minimum fem – 5 – påmeldte, mot særskild fakturering i juni etter påmelding.
§ 6 Leike- og opphaldsareal
SFO skal som hovudregel vere lokalisert i skolen, men kan også nytte eigne bygg nær skolen. Lokalane skal vere godkjende etter gjeldande brann- og HMS forskrifter. Heile skoleanlegget (inne- og uterom) og skolen sitt nærmiljø står til disposisjon for SFO.
SFO-areala kan vere ein del av skolen sitt totale undervisningsareal i den tida SFO er stengt. Rektor styrer sambruken av areala.
§ 7 Ulike SFO opphald
Det er kommunestyret som vedtek kva for opphald som skal bli tilbydd. Sjå heimesida til Nord-Fron kommune.
Søknad om SFO-opphald skal gjelde faste og forutsigbare dagar og gjeld for alle elevane.
§ 8 Bemanning
Dei som blir tilsett ved SFO eller sommar-SFO skal leggje fram politiattest i høve til opplæringslova § 10-9.
SFO bør i regelen bemannast med ein vaksen per 15 barn til stades.
For barn med særskilde behov kan det tilsetjast ekstra bemanning etter behov og sakkunnig vurdering.
Kap. 3 Søknad, opptak, endring og oppseiing
§ 9 Kriteriar for opptak
Elevar skal i hovudsak gå i ordinær SFO i den skolekretsen dei høyrer til.
Alle barn på 1 - 4. trinn og alle barn med særskilte behov på 1.-7. trinn kan etter søknad få eit tilbod før og etter skoletid.
For dei som søkjer innan fristen for hovudopptaket, vil dei få tilbod om SFO-plass frå første skoledag.
Dei som søkjer etter hovudfristen kan få tilbod om plass frå veke 42, dersom det er ledig kapasitet. Sjå § 11 om søknadsfrister.
Kriteriar for tildeling i prioritert rekkjefølgje:
- Elevar med særskilde behov (1. – 7. trinn).
- Elevar med vedtak etter lov om barneverntenester (barnevernlova).
- Når alt anna er likt, får yngste elev prioritet.
Det blir krevd dokumentasjon frå sakkunnige når det gjeld særskilte behov eller vedtak etter barnevernlova.
§ 10 Registrering av søknad, endring og oppseiing
Søknad, endring av opphaldet og oppseiing skjer via foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron).
Meir informasjon ligg tilgjengeleg på heimesida til Nord-Fron kommune.
§ 11 Søknadsfrister ordinær SFO
Søknadsfrist for hovudopptaket til ordinær SFO er 1. april med oppstart frå skoleåret komande haust og gjeld ut skoleåret.
For søknader som kjem inn etter 1. april og fram til og med 1. september, er oppstart frå veke 42 og ut skoleåret dersom det er ledig kapasitet.
For søknader som kjem inn etter 1. september og fram til og med 1. desember, er oppstart frå veke 1 og ut skoleåret dersom det er ledig kapasitet.
Det er unntak for dei som fløtt til Nord-Fron kommune etter søknadsfrist, desse kan få søknaden innvilga før veke 42 og veke 1, dersom det er ledig kapasitet.
Dersom det er ledig kapasitet, kan det vere høve til å kjøpe tilfeldige opphald.
§ 12 Søknadsfrist sommar-SFO
Påmeldingsfrist for sommar-SFO er 1. mai. Påmeldinga er bindande.
Det er eit krav om minimum fem – 5 – påmeldte for at eit samordna tilbod for alle barneskolane vil bli tilgjengeleg.
§ 13 Opptaksmyndigheit og klagerett
Enkeltvedtak etter denne forskrifta er delegert til rektor ved kvar skole.
Ut frå forvaltningslova § 28, er det klagerett på enkeltvedtak. Eventuell klage skal sendast til den skolen som har gjort vedtaket for ny vurdering. Kommunens klagenemd er endeleg klageinstans. Det blir vist til forvaltningslova §§ 28 - 36 for reglane rundt klaga.
§ 14 Endring i opphaldstid
Siste frist for å sende inn endringssøknader er 1. april for inneværande skoleår.
Søknader om reduksjon av opphald er oppseiing av enkeltdagar. Oppseiingstida for enkeltdagar er ein – 1 – månad, rekna frå den 1. i den påfølgjande månad.
Søknader om økt opphald, kan bli innvilga dersom skolen har kapasitet.
§ 15 Oppseiing av SFO-plassen
Oppseiingstida for SFO-plassen er ein – 1 – månad, rekna frå den 1. i den påfølgjande månad.
Det betyr at det blir krevd betaling i den månaden som oppseiinga vart motteke og i månaden som kjem etterpå. Dette gjeld sjølv om eleven ikkje bruker plassen før oppseiingstida er ute.
Dersom SFO-opphaldet til eleven skal endras (oppseiing av heile eller enkeltdagar) for månadane mai-juni, må søknad om dette vere motteke seinast 1. april og vil då gjelde frå og med 1. mai.
Oppseiing som blir motteke etter 1. april, blir rekna som utvida ferie og må betalast ut skoleåret. Unntaket er dersom eleven fløtt før skoleslutt.
Kap. 4 Betaling og misleghald
§ 16 Foreldrebetaling
Kommunen kan krevje utgiftene til SFO dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra, jf. opplæringslova § 13-7.
Den som søkjer om plass til eleven blir sett som betalar av opphaldet.
§ 17 Betalingssatsane
Foreldrebetalinga blir vedteke av kommunestyret i samband med årsbudsjettet og blir publisert på heimesida til Nord-Fron kommune.
Årsbetalinga for det ordinære SFO-opphaldet er fordelt utover 11 månader, der juli er betalingsfri månad.
Dersom det er påmelding til sommer-SFO, vil fakturering for dette kome i tillegg ved fakturering for ordinær SFO i juni månad.
Betalingsfrist er den 20. i påfølgjande månad.
§ 18 Misleghald av betaling for SFO-opphald
Nord-Fron kommune tek skriftleg og/eller munnleg kontakt med foreldre/føresette med varsel om mogleg oppseiing av plass i SFO eller inngåing av nedbetalingsavtale når to fakturaer for plass i SFO ikkje er betalt. Med tre ubetalte fakturaer for plass i SFO kan kommunen seie opp plassen for barnet.
Kap. 5 Moderasjon
§ 19 Moderasjonsordningar
Det er moderasjonsordningar etter reglane i forskrift til opplæringslova kapittel 1B.
Moderasjonsordningane gjeld for opphaldet både ved ordinær og sommer-SFO.
Søknad skal sendast via foresattportalen (https://foresatt.visma.no/nord-fron). Sjå heimesida til Nord-Fron kommune for meir informasjon.
Moderasjonsordningane gjeld ikkje betaling for kost eller tilfeldig kjøp av opphald.
§ 20 Søknadsfrist
Søknadsfrist 1. mai, for vedtak som skal gjelde frå oppstart nytt skoleår.
For søknader som kjem etter 1. mai til 31. august og blir innvilga, vil verknadsdato vere
1. september.
For søknader som kjem inn etter 31. august og blir innvilga, vil verknadsdato bli påfølgjande heile månad etter søknadstidspunktet.
§ 21 Søskenmoderasjon
Denne moderasjonen blir gjeve automatisk utan søknad, så lenge den same foresatte er registrert som betalar for barna.
Søsken blir definert som heilsøsken og halvsøsken. Stesøsken har ikkje rett til søskenmoderasjon. Fosterbarn blir rekna som søsken.
Det er 50% på opphaldet for barn nr. 2 og vidare dersom søskena bur fast saman og går på skole i same kommune.
§ 22 Reduksjon i foreldrebetaling etter 6%-regelen
Etter søknad blir det gjeve reduksjon i foreldrebetalinga etter reglane i forskrift til opplæringslova § 1B-1 for elevar på 1. – 4. trinn.
§ 23 Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5. – 7. trinn
Etter § 1B-3 blir det gjeve gratis SFO på 5. – 7. trinn for barn med særskilte behov.
Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.
§ 24 12 timer gratis SFO for 1. og 2. trinn
Etter § 1B-4 blir det gjeve reduksjon med inntil 12 timar for elevar på 1. og 2. trinn. Denne moderasjonen blir gjeve automatisk utan søknad.
Dersom denne retten blir utvida, har kommunedirektøren myndigheit til å vedta endringar.
Kap. 6 Avsluttande lovføresegn
§ 25 Endringar
Endringar i forskrifta skjer etter vedtak i kommunestyret.
Kommunedirektøren blir gjeve myndigheit til å vedta endringar i denne forskrifta når det følger av krav i lov, nasjonal forskrift eller i tråd med kommunale føringar som ikkje er av prinsipiell verdi. Kommunestyret får orientering om endringane.
§ 26 Oppheving
Når denne forskrifta blir sett i verk, vil vedtektene for skolefritidsordningar, SFO, i Nord-Fron vedteke av KOM i møte 2.4.2019 sak 27/19 bli oppheva.
§ 27 Iverksetting
Forskrifta blir sett i verk frå vedtaksdato 22.02.2024.